Hopp til innhald

Fagstoff

Lærlingportrett i IT- og mediefag

Som elev på Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon kan du velje mellom to ulike Vg2-kurs og til saman fem fagbrev på Vg3. Det er fleire typar bedrifter og roller som kan vere aktuelle for deg i læretid og seinare arbeid. Her er nokre døme på bedrifter med lærlingar innan IT og media.
Ei gruppe menneske som held ark med spørjeteikn framfor ansikta sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Elevar som har gått Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon, kan velje mellom følgjande Vg2-kurs og fagbrev:

Det er òg mogleg å ta påbygging til generell studiekompetanse enten etter fullført Vg2 eller etter fullført læretid.

I videoane under kan du lære meir om tre bedrifter som kan vere relevante for elevar som skal gå lærlingløp etter fullført Vg2. Dei viser ordinære tilsette og lærlingar frå dei eldre lærlingløpa som er på veg ut. Arbeidsoppgåver og bedriftstypen som blir vist, er i stor grad relevante døme på dei nye lærlingløpa.

Nettrakett AS

Nettrakett leverer ei rekkje ulike tenester. Dei starta i 2014 med produksjon av nettsider og nettbutikkar og har seinare utvida til òg å arbeide med digital marknadsføring, grafisk design, videoproduksjonar og innhaldsproduksjon. Nettrakett har kontor på Sortland og i Tromsø. Bedrifta har femten tilsette og to lærlingar (2021).

Deadline Media

Deadline Media vart starta i 1992 (då under namnet Trøndelag TV-produksjon) og arbeida i starten hovudsakleg med TV-produksjonar. Dei har sidan utvida og driv i dag med filmproduksjon, eigenproduksjon, sanntidsproduksjonar, marknadsføring, design og animasjon. Bedrifta held i dag til i Bodø og på Sortland og har til saman elleve tilsette og ein lærling (2021).

Intility

Intility vart etablert i 2000 og leverer service og driftstenester til andre bedrifter. Bedrifta har i dag over 400 medarbeidarar fordelte på kontor i Oslo, Trondheim, Bergen og Stockholm.

Oppgåver til refleksjon

  • Videoklippa presenterte nokre få bedrifter, roller og arbeidsoppgåver som du kan kome til å møte i læretida. Var det nokre av desse som du tenkjer kunne passa bra for deg? Kvifor?
  • Videoane viser eit augneblinksbilete. Kva oppgåver trur du dei gjer ut over det som vart presentert?
  • Kva trur du er den kjedelegaste delen av det daglege arbeidet til lærlingane i videoane?
  • Det finst mange typar bedrifter som arbeider med veldig ulike oppgåver, og berre nokre få vart presenterte i videoklippa. Kjenner du til nokre andre? Er det nokre av desse du kunne tenkt deg å arbeide for?
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

YFF informasjonsteknologi og medieproduksjon