Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til prosjekt i YFF medieproduksjon

Når du skal jobbe med egenprosjekt i yrkesfagleg fordjuping i medieproduksjon kan det nokon gonger vere vanskeleg å bestemme seg for kva du vil fordjupe deg i. Her får du nokre tips til korleis du kan arbeide med eigenprosjekt, og du får nokre prosjektforslag.
Forretningsmann ser på planlegginga av verksemda si, teikna som ein graf på murvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal planleggje eit prosjekt i yrkesfagleg fordjuping, er det nokon ting du må finne ut først:

  1. Kor lang varigheit kan du ha på prosjektet (er det ei økt, eller eit bestemt tal veker)?
  2. Er det relevante kompetansemål om det du ønsker å ha om, i Vg3-faga etter Vg2 medieproduksjon?
  3. Korleis skal det planleggjast, bli dokumentert og bli evaluert? Set deg inn i aktuelle dokument som skulen din bruker i eit YFF-prosjekt.
  4. Er det noko som kan vere lurt for å deg å lære som kan auke sjansane for å få praksisplass eller læreplass?
  5. Har du tilgang på utstyr og kompetanse, slik at det er gjennomførbart?
  6. Er det noko du interesserer deg for?
  7. Er det realistisk å få til?

Forslag til eigenprosjekt

Dette tek utgangspunkt i Vg3-kompetansemåla frå dei siste høyringsforslaga frå læreplanane. Det kan bli nokre endringar når endeleg versjon finst.

Vg3 medieproduksjonsfaget

Foto
Fordjup deg i fotografering. Jobb med studiofotografering med fleire lyssetjingar, jobb med portrettfoto inne og ute, gjer deg kjent med kameratutstyret til skulen og ulike objektiv. Ta bilete med ulike lyssetjingar. Jobb med bearbeiding av bileta.

Lyd
Jobb med lyd – korleis kan du gjere betre opptak, og korleis kan du redigere betre? Sjekk ut lydutstyret på skulen, finst det myggar og retningsstyrte mikrofonar? Er det vindhetter? Gjer deg kjend med utstyret. Gjer intervju av menneske inne og ute, pass på at lyden blir god og klipp det saman. Øv deg på å stille opne spørsmål.

Fordjuping i programvare og verktøy
Sett deg inn i bransjefagleg verktøy og programvare, og vidareutvikle evnene dine. Sett deg mål og avanser evnene dine i program som Photoshop, Premiere, Audition, Illustrator, InDesign eller After Effects. Set opp eit mål, hent inn kunnskap og dokumenter prosessen din undervegs med skjermbilete.

Video
Lag video. Du kan lage tutorials, vlog, portrett av ein person, ein tv-reportasje, musikkvideo eller fiksjonsfilm. I nokre tilfelle kan det vere lurt å samarbeide, sjekk med læraren om det går an, og korleis de kan fordele oppgåver og ansvar. Jobb med kameratustyret skulen har, pass på lydopptaka, bruk stativet godt og pass på korleis du kan veksle og bruke ulike utsnitt. Blir etterpå redigert. Prøv gjerne nokre nye effektar og verktøy.

Lag produkt som kommuniserer
Lag informasjons- og marknadsføringsmateriell der du kombinerer fleire medietypar som tekst, foto, levande bilete og lyd. Dette kan knytast til reelle produkt, bedrifter eller organisasjonar, og du kan òg ta kontakt med bedrifter i nærområdet ditt om dei er interesserte i å få produsert materiell. Jobb med ulike produkt til ulike plattformer og gjer dei klare til publisering.

Vg3 mediedesignfaget

Lag visuell framstilling av informasjon
Lag visuelle framstillingar av informasjon. Finn statistikk, ei temaside til ein organisasjon eller annan informasjon som du skal lage ei visuell framstilling av.

Lag ei interaktiv forteljing
Lag interaktive forteljingar. Planlegg og visualiser ei interaktiv forteljing, bestem deg for ein struktur og ein ny teknikk du vil fordjupe deg i. Produser og ferdigstill.

Visuell fordjuping
Vel deg eit visuelt tema du vil fordjupe deg i, og finn mange døme på dette frå bransjen. Til dømes logo, ideogram, brosjyrar eller profesjonelle annonsar på Instagram. Kva skal til for at eit produkt skal vere profesjonelt? Reflekter over teknikkar som blir brukte av bransjen og prøv sjølv å lage nokre uttrykk som ser ut som det kunne vore laga av bransjen.

Jobb med ide og lag ein prototype
Jobb med ide og kreativitet, og utform eit heilt nytt produkt, fysisk eller digitalt. Prøv å skape noko heilt nytt. Tenk på design, funksjonalitet og at det skal vere noko nytt. Jobb med skisser og etter kvart prototype.

Jobb med design med fokus på typografi
Jobb med design der du set saman bilete og tekst. Fokus på typografien og korleis typografien og dei andre elementa speler saman. Bruk prinsipp for universell utforming av skrift og bilete på nett og trykk. Du kan til dømes lage ein typografisk video, som er ein animasjon til delar av ein song. Då må du hovudsakleg bruke tekst og eigne element som du designar.

Utforske nye teknikkar
Utforsking av nye skisse- og ideteknikkar. Lær deg minst to nye teknikkar. Dokumenter prosessen undervegs. Legg ved lenker til inspirasjon.

Vg3 medieteknikkfaget

Jobb med teknisk utstyr og teknisk produksjon
Planlegg, test ut og gjennomfør ein teknisk produksjon med fokus på foto, lyd, eller video. Lær deg meir om det tekniske utstyret som er tilgjengeleg på skulen.

Sanntidsproduksjon
Planlegg og gjennomfør ein- og fleirkameraproduksjonar. Jobb med kamerautsnitt, rigging, lyd og miksing. Jobb anten live, med streaming, eller gjer opptak. Avanser vidare frå det du kan frå før.

Programmering
Jobb med programmering av nye løysingar. Lag system som kan forbetre teknisk produksjon. Jobb med apputvikling frå idefase til uttesting med skisser, og programmer dette . Jobb med feilsøking og forbetring ved å få andre til å brukerteste løysinga di.

Jobb i fleire program og tilpass til fleire plattformer
Lag innhald til fleire plattformer og bruk minst tre ulike program. Til dømes kan du photoshoppe eit bilete, jobbe grafisk i Illustrator og setje saman elementa i eit tredje program. Bruk ulike format som skal passe til ulike plattformer. Beskriv kva du må gjere for å tilpasse produkta til dei ulike plattformene.

Gjer produksjon for ein kunde
Ver i kontakt med kunde, planlegg og gjennomfør produksjon.
Gjer oppdrag for ein potensiell kunde, der du gjer medieproduksjonar. Ha kundemøte og finn ut kva kunden ønsker. Set opp ein tidsplan over arbeidet og korleis de skal kommunisere. Planlegg og øv på det tekniske. Gjennomfør produksjon. Lag eit førsteutkast av produksjonen til kunde. Ha eit nytt kundemøte og vis arbeidet ditt og få tilbakemeldingar. Juster produktet ved behov. Nokre forslag til å finne kundar: ta kontakt med venner, familie eller skulen og spør om det er nokon som treng hjelp med ein medieproduksjon du har kompetanse til. Til dømes å lage ei webside, filme ein revy, ta bilete, laga foldar, streame talen til rektor før jul eller liknande.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

YFF informasjonsteknologi og medieproduksjon