Hopp til innhald
Oppgåve

Kva skal til for å vere ein profesjonell yrkesutøvar?

Når du skal ut i arbeidslivet, vil du møte forventningar. Korleis kan du vere profesjonell i yrket du har valt? Sjå filmen og svar på spørsmåla under. Bruk refleksjonane dine og diskuter temaet i mindre grupper.
Video: Tom Knudsen, Jone N. Nyborg / CC BY-SA 4.0
  1. Kva betyr det å vere profesjonell?
    Er du samd i det dei ulike yrkesfagelevane svarer i filmen?
  2. Kva krav og forventningar blir stilte i det yrkesfaget du har valt?
  3. Korleis synest du praksisen du har i dag fungerer med tanke på dei forventningane du vil møte i arbeidslivet?
  4. Kva strategiar kan du bruke for å møte og meistre forventningar frå kundar og andre?

Relatert innhald