Yrkesfagleg fordjuping (YFF) informasjonsteknologi og medieproduksjon
Det er mange måtar å organisere yrkesfagleg fordjuping (YFF) på, og kvar skule og linje har si eiga løysing på korleis YFF er lagt opp. I dette faget blir Vg1- og Vg2-elevar på yrkesfaglege linjer kjende med praksis og bransjen i faga dei ønsker å fordjupe seg i.
YFF gir elevane ei fin moglegheit til ta eigne val om kva fagområde dei vil fordjupe seg i. Fordjupinga må ta utgangspunkt i kompetansemåla frå læreplanane for læretida (Vg3). Nokre gjennomfører dette som utplassering i bransjen, andre jobbar med eigne prosjekt og fordjuping ved skulen, og nokre kombinerer fleire av arbeidsmåtane.
- utplassering
- jobbe praksisnært med ungdomsbedrift
- jobbe med eigne fordjupingsprosjekt
- førebu utplassering frå skulen med søknads- og CV-skriving
- praktisk opplæring og kursing ved skulane og ute i bransjen
- ein kombinasjon av fleire av punkta over
- Finn ut kva lærefag og dermed Vg3-kompetansemål som er aktuelle for deg. Du finn læreplanane ved å søkje på faget på Utdanningsdirektoratet (Udir).
- Planlegging, dokumentasjon og loggskriving er viktig i yrkesfagleg fordjuping. Du må ha ein plan, knyte arbeid til kompetansemål og dokumentere prosessen undervegs. I etterkant skal du evaluere og skrive logg for å vise arbeidsprosessen.
- Skaff deg informasjon om yrket og retninga du vil fordjupe deg i. Kva slags eigenskapar bør du ha, korleis er arbeidsforholda, kva slags oppgåver kan du forvente deg?
Per april 2020 ligg det an til å bli desse Vg3-tilboda (lærlingløp). Læreplanane er ikkje klare enno.
Informasjonsteknologi
- Vg3 IT-driftsfaget
- Vg3 IT-utviklarfaget
Medieproduksjon
- Vg3 medieproduksjonsfaget
- Vg3 mediedesignsfaget
- Vg3 medieteknikkfaget
Dersom du ønskjer å finne ut meir om YFF, kan du lese på Utdanningsdirektoratet sine sider om yrkesfagleg fordjuping.