Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kunderelasjonar

Å skape gode relasjonar til kundane er viktig. Kva butikkar har du gode relasjonar til? Er du med i nokon kundeklubbar eller andre typar fordelsprogram?
Bilete av ei kvinne med armane i kors som ser uinteressert på sko, smykke og vesker som blir haldne opp framfor henne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du står ved kassa og skal betale for eit produkt, får du nesten alltid – uavhengig av kva du kjøper – spørsmål om du har eit kundekort eller er medlem av kundeklubben. Viss du svarer nei, blir du spurd om du ønskjer å bli medlem. Å vere med i ein kundeklubb eller andre lojalitetsprogram, kan gi fordelar som medlemstilbod, prosent av kjøpet eller andre bonusordningar.

Sjå episoden «Kampen om kundene» frå NRK Forbrukerinspektørene.

Veit du sjølv kor mange kundeklubbar du er med i?

Oppgåve 1

  • Lag eit skjema med tre kolonnar.
  • List opp alle kundeklubbar du er med i, kva fordelar dei gir deg, og kva ulemper dei gir deg, i skjemaet ditt.
  • Samanlikn med dei andre i klassen.
  • Kor mange ulike medlemsklubbar er det totalt?

Oppgåve 2

  • Kva lojalitetsprogram eller medlemsfordelar tilbyr praksisbedrifta di til kundane sine?
  • Viss det ikkje er aktuelt for praksisbedrifta di, har du kanskje ein ekstrajobb det kan gjelde for?
Kvinne betaler kaffi med kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjon

  • Når alle butikkar har fordelsprogram og alle kundar er medlemmer, er det då noko poeng i slike program? Diskuter og grunngi meininga di.
  • Føler du at du blir ein meir lojal kunde der du har medlemskort, viss du samtidig har medlemskort hos konkurrerande bedrifter?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Nettverk og relasjonsbygging