Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nettverk

Viss du tenkjer at det kunne vore kjekt å starte ei bedrift ein gong, vil du trenge hjelp og samarbeidspartnarar. Då kan det vere lurt å setje seg ned og tenkje over kven du kan og bør be om hjelp. I denne oppgåva skal du sjå på kva nettverk du har – kanskje blir du overraska over kor stort det er!
Illustrasjon av eit nettverk og relasjonar mellom nodane.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du har lyst til å starte ei bedrift som skal drive med noko du synest er kjekt å gjere på fritida. Du lurer på om du kjenner nokon som kan hjelpe deg i denne prosessen.

  • Vel sjølv noko du vil starte med, som du liker å halde på med og kunne tenkje deg å lage ei bedrift av.
  • Lag eit tankekart, til dømes i Word eller PowerPoint, og set namnet ditt i midten.
  • I bobla rundt kan du skrive namn på familiemedlemmer, venner, venner av venner, venner av familien, kjende og alle du tenkjer du kan få bruk for til å få draumen til å gå i oppfylling. Bruk biletet ovanfor som modell.
  • Blei nettverket ditt større enn du trudde?
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Nettverk og relasjonsbygging