Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stråling og helse – utforsking

Med bakgrunn i fleire medieoppslag om radioaktivt nedfall, radongass i hus og radiobølgjer frå ulike omformarar har det oppstått uro for korleis dette påverkar helsa vår. Her skal du undersøkje fakta og vurdere helseeffekten av dei ulike strålingstypane. Vel éi av oppgåvene eller begge.
Plansje som viser bølgjelengder til eit spekter av elektromagnetisk stråling frå radiobølgjer til gammastråling. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsstråling og radongass

To kart som er markerte med fargekodar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal undersøkje kor stor strålingsfaren er i nærmiljøet ditt.

  1. Finn informasjon om bakgrunnsstråling og radioaktivt nedfall i nærområdet ditt. Nettsidene til Statens strålevern og geologiske kart er viktige informasjonskjelder, men det finst fleire.

    Vurder den lokale strålinga opp mot dei grenseverdiane for helsefare (stråledose målt i mSv) som helsestyresmaktene har fastsett.

  2. Mål bakgrunnsstråling med geigerteljar og samanlikn målingar i fleire rom, gjerne i den lågaste og den høgaste etasjen. Vurder resultata og drøft eventuelle forskjellar. Du kan òg rekne om resultata frå målingane til og samanlikne med tiltaksgrensa for inneluft, som er 100 Bq per kubikkmeter.

Stråling frå trådlause nettverk, PC, mobil, høgspentleidningar og/eller mikrobølgjeomnar

Landskap med antenner som sender ut signal. Foto.
  1. Kva type stråling kjem frå trådlause nettverk eller eit av dei andre forslaga ovanfor? Finn informasjon om bølgjelengd og frekvens.
  2. Finn informasjon om helseeffektar av denne typen stråling i fleire kjelder.

    1. Samanlikn informasjonen frå ulike kjelder. Kva argument blir brukte for å grunngi påstandane?
    2. Kva kjelder kan du stole på?
    3. Kva seier dei kjeldene som du vurderer som pålitelege, om helseeffektar frå denne typen stråling?

Relatert innhald

Kva for kjelder kan vi stole på, og kan vi bruke dei som vi vil? Vi treng kompetanse i å søkje informasjon, og vere i stand til å vurdere kvaliteten.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2020

Læringsressursar

Stråling og helse