Hopp til innhald

Fagstoff

Påverkar ikkje-ioniserande stråling helsa vår?

Verknadene av ioniserande stråling på biologisk materiale er grundig dokumenterte og forklarte av forskarar. Men korleis påverkar mindre energirik stråling oss?
Mann på sky sender ut signal på mobil og pc. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Solstrålar, IR-stråling og stråling med lågare energi

Nokre typar ikkje-ioniserande stråling er skadelege for levande vev. Både infraraud stråling (varme) og synleg lys kan gi brannskadar dersom intensiteten blir høg nok, som når vi brenn oss på ein vedomn eller blir solbrende. Eit anna døme på dette er strålinga i ein mikrobølgeomn, som koker maten på kort tid.

El-overfølsomhet?

Nokon meiner at dei reagerer på stråling frå trådlause nettverk, magnetiske felt, mobiltelefonar og andre elektriske apparat og definerer dette som el-oversensibilitet. Dei rapporterer mellom anna om hudproblem og trøyttleik.

Vitskapleg forsking har ikkje klart å dokumentere eller forklare slike samanhengar mellom lågenergetisk stråling (lågare enn mikrobølger) og slike symptom som påverkar helsa vår.

Er det grunn til å frykte 5G-nettet?

Prøv å finne informasjon om 5G-nettet på ulike nettsider. Sjå etter motstridande opplysingar, og sorter informasjonen i 1) kjelder du stoler på, og 2) kjelder du er skeptisk til.

Diskuter i klassen, og grunngi argumenta dine.

Stråling frå mobiltelefonar

Bilete som viser ulike fargenyansar på dei ulike temperaturane i motivet. Det er raudt og gult i ansiktet og halsen, blått og lilla på håret og mobiltelefonen og noko grønt på handa og omriss i ansiktet. Infraraudt foto.

Sidan mobiltelefonar har blitt ein så stor del av kvardagen vår, har ein forska mykje på moglege samanhengar mellom bruk av mobiltelefon og kreft i hjernen.

Ei ekspertgruppe konkluderer med at det ikkje er vitskapleg grunnlag for å seie at dei svake elektromagnetiske felta rundt mobiltelefonar og anna sendeutstyr gir helseskadar.

Det er ei lita uvisse knytt til høg eksponering over lang tid, og spesielt ved lange samtalar med mobilen inntil øyret i område med dårleg dekning då strålinga blir sterkare. Ein vil derfor halde fram forskinga, men ekspertane meiner at det er lite sannsynleg at lang tids bruk av mobiltelefon gir helserisiko som vi ikkje kjenner i dag.

Artikkel hos Lommelegen: Stråling fra mobiltelefoner – er det helseskadelig?

Høgspentlinjer

Høgspentleidningar går over eit bustadfelt. Foto.

Høgspentlinjer forårsakar lågfrekvente elektromagnetiske felt. Mange er urolege for at desse kan gi negative helseeffektar. Omfattande internasjonal forsking har ikkje dokumentert dette, bortsett frå ein mogleg auka risiko for leukemi hos barn som veks opp i bustader nær høgspentlinjer.

Det har òg blitt hevda at elektromagnetiske felt frå høgspentlinjer kan forårsake spontanabortar og misdanningar, depresjon, sjølvmord, og «elsensitivitet» (hud- og augeproblem, hovudverk). Men det finst ikkje forsking som dokumenterer dette.

Dagslyslamper og lysterapi

Det er mange positive effektar knytte til ikkje-ioniserande stråling. Synleg lys er jo noko vi blir utsette for heile tida, og som vi alle kjenner har ein positiv effekt på humøret!

I lysterapi dreg ein dette endå lenger. Ved å bruke dagslyslamper på riktig tidspunkt av døgnet ønskjer ein å stimulere døgnrytmen til å stemme betre med døgnets 24 timar. Dette skal hjelpe mot søvnproblem. I tillegg finst det forsking som viser at det kan ha ein positiv effekt på depresjon, og for mange er dagslyslamper til god hjelp i mørketida.

Artikkel hos forskning.no: Hvitt lys som hjelper mot det meste

Sollys og D-vitamin?

Jente med lys hud i sterk sol på stranda. Foto.

Ein annan viktig og positiv effekt av sollys er at D-vitamin blir produsert når vi får sollys på huda. D-vitamin har ein dokumentert gunstig effekt på beinmassen i skjelettet.

I tillegg har studiar vist at D-vitamin kan ha ein positiv effekt på ei lang rekkje andre sjukdommar, mellom anna hjarte- og karsjukdommar, kreft og diabetes, men her er det ulike syn blant forskarane.

Eit dilemma er at det er UV-B-delen av sollyset som sørgjer for produksjon av D-vitamin. Det er nemleg dei same strålane som forårsakar hudkreft.

Artikkel hos Folkehelseinstituttet om soling: Ti ting du bør vite om soling

Tenk gjennom og diskuter

Søk opp informasjon frå fleire kjelder om eitt eller fleire av temaa over. Kan du finne motstridande informasjon? Klarer du å sortere ut kjelder som meir eller mindre truverdige? Grunngi!

Kjelder

Alexander, J., Brunborg, G., Feychting, M., Forsberg, E. M., Gismervik, S., Haanes, J. V., Hamnerius, Y., Hannevik, M., Heimdal, P. E., Hillert, L., Klæboe, L., Kristensen, P., Moen, B., Oftedal, G., Tynes, T. & Langeland, B. T. (2012). Svake høyfrekvente elektromagnetiske felt – en vurdering av helserisiko og forvaltningspraksis (Rapport 2012:3). Folkehelseinstituttet. https://www.fhi.no/globalassets/2012-3_mobilstraling

Levy, F. E. S. (2020, 21. desember). El-overfølsomhet. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/el-overfølsomhet

Kreftforeningen. (u.å.). Stråling fra mobiltelefoner, sendemaster og trådløst nett. Henta 21. september 2022 frå https://kreftforeningen.no/forebygging/straling-fra-mobiltelefoner-sendemaster-og-tradlost-nett/

CC BY-SASkrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022

Læringsressursar

Stråling og helse