Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mitt strålande nabolag

Radon er ein usynleg og radioaktiv gass som siv opp frå berggrunnen. Undersøk førekomsten av radon der du bur.

Om kartet

 Farga rektangel med forklarande tekst. Illustrasjon.

Kartet viser kva område i Noreg som kan vere meir radonutsette enn andre. Kartet er basert på inneluftmålingar av radon og geologiske forhold.

Kartet kan ikkje brukast til å føreseie radon-konsentrasjonen i enkeltbygningar. Viss du vil ha sikker kunnskap om radon i ein bygning, er du nøydd til å gjennomføre ei måling. Radon i inneluft avheng ikkje berre av geologiske forhold, men også av konstruksjonen til og drifta av bygningen og dessutan av kvaliteten på radon-førebyggjande tiltak. Dette er eit regionalt kart som ikkje er meint til bruk på tomtenivå.

I område som er markerte med høg aktsemd, er det berekna at minst 20 % av bustadene har radon-konsentrasjonar over øvre tilrådde grenseverdi på 200 Bqm3 i første etasje.

Kjelde: Norges Geologiske Undersøkelse

Finn ut

  1. Kva faktorar avgjer kva aktsemdkategori eit område høyrer til? (Å vere aktsam betyr å vere forsiktig eller merksam.)
  2. Kor mykje bidreg radon til den årlege dosen av radioaktivitet ein person i Noreg blir utsett for i løpet av eitt år? Kvifor er bidraget til radon usikkert?
  3. Beskriv radonfaren i kommunen der du bur. Er faren lik i heile kommunen? Beskriv og kommenter radonfaren i nabolaget der du bur. Finn ut kva som forårsakar eventuelle forskjellar internt i kommunen.
  4. Kva tiltak mot radonstråling kan vere relevante i ulike bustadtypar i kommunen din? Grunngi tiltaka.
  5. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik tilrår alle å måle radonnivået i bustaden sin. Målingar bør gjennomførast

    • i opphaldsrom
    • om vinteren
    • med ei varigheit på minst to månader
    Finn ut kvifor målingane bør gjennomførast slik.
  6. Tenk deg at du jobbar i teknisk etat i ein kommune med mange område der ein må vise særleg høg aktsemd med tanke på radonstråling. Lag ei informasjonsside om radon på nettsida til kommunen der du gir relevant informasjon til innbyggjarane i kommunen.
    Drøft kva ei slik side bør innehalde, og lag innhaldet som skal vere på sida.

Relatert innhald

Kjelder

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik. (u.å.). Radon. Henta 27. oktober 2020 frå https://dsa.no/radon

Miljøstatus. (2020, 28. april). Radon. Henta 27. oktober 2020 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/straling/radon/

Norges Geologiske Undersøkelse. (u.å.). Radon aktsomhet. Henta 27. oktober 2020 frå http://geo.ngu.no/kart/radon/


CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Stråling og helse