Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kor effektiv er solkremen?

I desse tre forsøka skal de bli kjende med korleis solkremar verkar, lage dykkar eigen solkrem og teste kor godt solkremen beskyttar mot UV-stråling.
Utstillingsvindauge med påskepynt og mange ulike typar solkrem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forsøk 1: UV-beskyttelse – ei innføring

Føremål

Føremålet med dette forsøket er å bli kjend med ulike typar solkrem vi kan få kjøpt i butikken, ved å studere innhaldsdeklarasjonen til solkremane.

Framgangsmåte

Jobb med éin solkrem om gongen, og undersøk emballasjen.

  1. Kva er dei viktigaste opplysningane på framsida av emballasjen?
  2. Gir solkremen beskyttelse mot UVA-stråling, UVB-stråling eller begge delar?
  3. Kva solfaktor har kremen?
  4. Kva er namnet på dei fem første inaktive ingrediensane i innhaldsdeklarasjonen?
  5. Når de har undersøkt solkremane, kan de prøve å gruppere solkremane ut frå type filter, aktive ingrediensar og faktor.

Systematiser opplysningane de finn. De kan til dømes bruke eit skjema med éi rad til kvar solkrem, slik som dette:

solkrem

namn på solkremen

type solkrem

faktor

beskyttelse

beskyttar mot

aktive ingrediensar

inaktive ingrediensar

SunKid

for barn

50+

høg

UVA og UVB

titanoksid

vatn, glyserin, propylenglykol, di-isopropyl-sebacat, etylheksylsalisylat

Diskusjon

  • Kva sambindingar er det vanlegast å bruke som UV-filter (aktive ingrediensar)?
  • Er dei aktive ingrediensane organiske eller uorganiske?
  • Kva er dei vanlegaste ingrediensane i solkremar?
  • Kor stor del av solkremane beskyttar mot UVA, UVB eller begge delar?
  • Kva er forskjellen på UVA- og UVB-stråling? Kva kjende helseeffektar har desse strålingstypane?
  • Kva meiner ein med solfaktor? Korleis bestemmer ein solfaktoren til ein solkrem?
  • Kva er forskjellen på ein solkrem med faktor 30 og ein solkrem med faktor 50?

Forsøk 2: Lag dykkar eigen solkrem

Føremål

I dette forsøket skal de lage solkrem med to ulike solfaktorar.

Framgangsmåte

Lag krem utan faktor (basekrem)

To begerglas i varmt vassbad. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Bland alle ingrediensar som høyrer til feittfasen, i eit 250 mL begerglas:

    • 15 g lanettevoks
    • 7 g mandelolje
    • 7 g flytande parafin
  2. Set begerglaset i eit varmt vassbad.
  3. Bland ingrediensane ved å røre rundt med ein glasstav i 5 minutt. Lat begerglaset bli ståande i vassbadet.
  4. Bland ingrediensane som høyrer til vassfasen, i eit anna 250 mL begerglas:

    • 5 g glyserol
    • 66 mL destillert vatn
  5. Bland saman ved å bruke ein glasstav.
  6. Medan feittfasen framleis står i vassbadet, heller du vassfasen over i feittfasen medan du rører rundt i 5–10 minutt, heilt til du har ei homogen blanding. Dette er utgangpunktet for solkremane de skal lage (basekremen).
  7. Lat begerglaset bli ståande i vassbadet.

Lag krem med solfaktor

Lag solfaktor ved å blande 2 g sinkoksid og 2 mL flytande parafin i eit begerglas på 50 mL.

Solfaktor 10

  1. Overfør 4,1 g av basekremen til eit 50 mL begerglas.
  2. Tilset 0,9 g solfaktor til basekremen, og bland ved å bruke ein glasstav. Dette gir ein solkrem med cirka 10 % sinkoksid og solfaktor 10.

Solfaktor 20

  1. Overfør 3,2 g av basekremen til eit anna 50 mL begerglas.
  2. Tilset 1,8 g solfaktor til basekremen, og bland ved å bruke ein glasstav. Dette gir ein solkrem med cirka 20 % sinkoksid og solfaktor 20.

Ta vare på solkremane de har laga. De skal bruke dei i det neste forsøket.

Diskusjon

  • Kva for nokre ingrediensar er løyselege i vatn? Kva for nokre er løyselege i feitt? Forklar svara dykkar ved å bruke polariteten til stoffa.
  • Kvifor er lanettevoks ein viktig ingrediens i oppskrifta?
  • Kva kjenneteiknar ein emulgator? Kva kjenneteiknar emulsjonar?
  • Kva er forskjellen på ein olje-i-vatn-emulsjon og ein vatn-i-olje-emulsjon?
  • Finn to stoff som er emulgatorar, frå ingrediensane i forsøk 1.

Forsøk 3: Kor godt beskyttar solkremane?

Føremål

I dette forsøket skal de undersøkje kor effektive solkremane frå forsøk 2 er.

Framgangsmåte

Tips! I beskrivinga under bruker vi UV-perler for å påvise UV-stråling. Viss de har tilgang til ein UVB-sensor, kan det vere eit godt alternativ til UV-perler.

Sikkerheit!

Ikkje sjå rett inn i UV-lampa når ho er på. Berre skru på lampa når ho skal brukast.

Stativ med UV-lampe og UV-perler i petriskål. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Legg fire UV-perler i midten av ei petriskål.
  2. Monter UV-lampa slik at ho er omtrent 20 cm unna petriskåla.
  3. Bruk ein spatel til å smørje ei ertestor mengd solkrem midt på plastarket eller glasplata, slik at solkremen dekkjer UV-perlene.
  4. Legg plastarket over perlene.
  5. Skru på UV-lampa, og lat ho lyse i fem sekund.
  6. Bruk fargeskalaen eller ein fargeapp til å registrere fargen på UV-perlene. Alternativt: Ta bilete av UV-perlene, og bruk biletet til samanlikning til slutt i forsøket.
  7. Legg UV-perlene i ein behaldar, slik at dei ikkje blir utsette for lys.
  8. Legg fire nye UV-perler i petriskåla.
  9. Gjenta forsøket med same type solkrem tre gonger.
  10. Gjennomfør to kontrollmålingar:

    1. ei måling der de berre bruker eit reint plastark
    2. ei måling der de ikkje bruker plastark
  11. Samanlikn fargeintensiteten på UV-perlene for kvar solkrem, og samanlikn deretter med kontrollmålingane.

Konklusjon og diskusjon

  • Kva konklusjon kan de trekkje av resultata dykkar?
  • Stemmer resultata med tanke på solfaktoren på kremane?
  • Kva variablar er

    • avhengige?
    • uavhengige?
    • faste?
  • Kvifor må UV-perler berre brukast som ein peikepinn på kor effektive dei ulike solkremane er?
  • Peik på viktige feilkjelder i forsøket.

Forslag til vidare arbeid

  • Samanlikn solkremar frå ulike produsentar.
  • Test om produksjonsdatoen påverkar kor effektive solkremane er.
  • Bruk sollys som kjelde til UV-lys.
  • Test ulike solbriller i staden for solkrem.

Denne sida er ei omarbeidd utgåve av "How effective is your sunscreen?" frå Science in School.

Relatert innhald

Undersøk eigenskapar til vassløyselege og feittløyselege stoff, og finn ut kva eigenskapar ein emulgator har.

CC BY-SASkrive av Fina Guitart og Silvia Lope.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2020

Læringsressursar

Stråling og helse