Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppdrag: interiørdesign og gjenbruk

Sjå deg rundt i ein bustad, og finn døme på gjenbruk og berekraftige materialval.

Eigaren av bustaden under er utdanna interiørkonsulent. Ho er oppteken av berekraft og gjenbruk, noko vi ser av fleire av løysingane ho har valt.

Oppdrag

  1. Ta ein tur rundt i huset, og finn døme på løysingar der berekraftige materialval og gjenbruk er i fokus.
  2. Vurder korleis løysingane de har funne, fungerer. Argumenter for kva de synest er bra, og kva de ville ha løyst annleis viss de hadde fått i oppdrag å innreie ein tilsvarande bustad.
  3. Korleis kan gjenbruk vere med på å skape ein personleg stil? Gi ei vurdering av stiluttrykket i denne bustaden.
  4. Vel ut nokre døme på berekraftig materialbruk som de synest er spesielt vellykka. Lag ein reklame som marknadsfører denne løysinga.
CC BY-SASkrive av Inger Sporaland og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

Livsløpet til materiale og produkt