Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag reklamefilm for den berekraftige frisørsalongen din

Du har nettopp starta din eigen berekraftige frisørsalong. For å tiltrekkje kundar til salongen bestemmer du deg for å lage ein liten reklamefilm.
Smilande mannleg kunde hos frisør. Foto.

Lag ein reklamefilm som du skal bruke på Facebook-sida til salongen din. Målet med filmen er at du skal få fleire kundar til salongen.

Del 1 – forarbeid

Sett deg inn i kva det betyr at ein frisørsalong er berekraftig.

Tips: Viss du jobbar med «Den berekraftige frisørsalongen min» før du begynner på denne oppgåva, har du eit godt fagleg grunnlag for å lage reklamen.

Del 2 – planlegging

  • Kva vil du få fram i filmen?
  • Korleis skil frisørsalongen din seg frå andre salongar?
  • Kven er målgruppa for filmen?
  • Korleis kan du bruke lyd, bilete og musikk for å forsterke bodskapen din?
  • Kor lang skal bør filmen vere?

Del 3 – produksjon

  • Bruk gjerne mobiltelefonen til å lage filmen. Du kan òg bruke stillbilete.
  • Set saman klippa i eit redigeringsprogram du kjenner. Dei fleste elevar har tilgang til programmet «Bilete» på skule-PC-en sin.
  • I slutten av filmen skal det inn ei kjeldeliste og ein sluttplakat.
    • I kjeldelista fører du opp dei kjeldene du har brukt.
    • På sluttplakaten krediterer du dei som har laga innhaldet du bruker, til dømes bilete og musikk. Ver klar over avgrensingar og kostnader for bruk av bilete, filmar og musikk som er laga av andre.

Vurdering

Du har laga ein film med høg måloppnåing når filmen

  • gir mottakarane informasjon om kvifor dei bør velje ein berekraftig frisørsalong
  • overtyder mottakarane ved hjelp av relevante og holdbare argument
  • har bilete, tekst og lyd som understrekar argumenta
  • fører opp pålitelege kjelder
  • krediterer opphavspersonar til bilete, tekst og musikk som er brukt

Relatert innhald

Kva for kjelder kan vi stole på, og kan vi bruke dei som vi vil? Vi treng kompetanse i å søke informasjon og vere i stand til å vurdere kvaliteten.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2020

Læringsressursar

Livsløpet til materiale og produkt