Oppgåve
Ansvarlege kleskjeder?
Fleire kleskjeder hevdar at dei er opptekne av berekraft. Kvifor hevdar dei det, og kva inneber det?
- Lag ei oversikt over kleskjeder du kjenner til.
- Finn ut kva kleskjeder som hevdar at dei er opptekne av berekraft. Korleis får dei fram dette til kundane?
- Lag ei oppsummering av kva kleskjeder legg i berekraft. Er det nokre kleskjeder som skil seg ut?
- Korleis kan kleskjedene dokumentere at dei tek omsyn til berekraft?
- Kor viktig er det for dykk at kleda de kjøper, er produserte på ein berekraftig måte?
- I enkelte kleskjeder kan du levere inn brukte klede mot at du får ein rabattkupong i butikken. Diskuter fordelar og ulemper med ei slik ordning.
- Planlegg ei avstemming eller ei spørjeundersøking der de prøver å kartleggje kor mykje meir de er villige til å betale for eit produkt som er garantert berekraftig.
- Test ut opplegget på dei andre i klassen eller resten av skulen. Bruk sosiale medium for å nå ut til eit større publikum.