Podkast om kosthald og ernæring
1. Kva meiner du?
2. Drøft i gruppe
Drøft påstandane med medelevar. Ta utgangspunkt i det du svarte i oppgåve 1.
3. Lytt til podkasten
Ord og omgrep om ernæring frå podkasten
Energi/energiinntak beskriv prosessen som set om mat og drikke til energi i kroppen. Dette blir til energi du kan bruke til å tenke, løyse skuleoppgåver, jobbe og vere i fysisk aktivitet.
Stive er eit karbohydrat som du mellom anna kan finne i råvarer som korn, potetar, bønner, erter og kikerter.
Jod er viktig for stoffskiftet, som igjen er viktig for normal vekst og utvikling av nervesystemet hos barn. Du finn jod i egg, kvit fisk og meieriprodukt.
Matvaregrupper består av matvarer som likner på kvarandre. Fisk og skaldyr er eit døme på ei matvaregruppe. Du finn meir om dette på oppgåvesida "Utforsk ditt eige kosthald".
Næringsstoff er kjemiske bindingar som gir energi og næring til kroppen. Protein, karbohydrat og feitt er døme på næringsstoff vi får gjennom mat og drikke.
Råvarer er reine produkt som ikkje har gått igjennom nokon kjemiske prosessar. Grønsaker, korn, nyfiska fisk og reint kjøtt er døme på råvarer.
Ultraprosessert mat er matvarer som har gått igjennom fleire ulike kjemiske prosessar så det ofte ikkje er mogleg å kjenne igjen råvara som er brukt. Matvarene har gjerne mange ukjende ingrediensar på innhaldslista. Kjeks, iskrem, kake, potetgull, godteri, pommes frites, posesuppe, energibarar og nokre frukostblandingar er døme på ultraprosessert mat.
Anemi er det same som blodmangel. Når du har anemi, har du for få friske raude blodceller. Det betyr at du har for få hemoglobinmolekyl i kvar blodcelle, og dermed går oksygentransporten i blodet seinare fordi oksygenet har færre hemoglobinmolekyl å binde seg til.
Vitamin B12 har stor betydning for produksjonen av DNA i cellene. Mangel på vitamin B12 vil raskt gå utover blodceller og slimhinner i tarmen. Fisk, sjømat, egg, kjøtt og meieriprodukt er gode kjelder til vitamin B12.
Omega 3 og 6 er to essensielle feittsyrer som kroppen treng. Essensiell betyr at kroppen ikkje produserer dei sjølv, og vi må derfor få dei tilført gjennom maten. Omega 3 finn du i feit fisk, og omega 6 finn du mellom anna i planteoljer, nøtter, korn og egg.
4. Har du endra meining?
Gå tilbake og sjå på svara dine i oppgåve 1. Har du endra meining etter at du har lytta til podkasten? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Nettside hos helsedirektoratet.no