Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Døme på eksamensoppgåver for helse- og oppvekstfag

Her finn du døme på ulike typar oppgåver du kan få til munnleg-praktisk eksamen i naturfag. Øv åleine eller saman med andre, og bli best mogleg førebudd!
Helsefagarbeidar viser omsorg for eldre mannleg pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis er eksamensoppgåvene utforma?

Eksamensoppgåva består gjerne av eit breitt tema som dekker mange av kompetansemåla i naturfag. Saman med oppgåva kan du få gitt opp ei liste med forsøk eller andre praktiske oppgåver, der du skal velje ei av desse.

Du bruker førebuingstida til å setje deg inn i det temaet du har fått, og det forsøket du har valt.

Oppgåve 1. Teknologi og berekraft

Du skal utforske og presentere teknologi knytt til helse- og oppvekstfag og vurdere han i eit berekraftsperspektiv.

Ta gjerne utgangspunkt i oppgåva Utforsk hjelpemiddel og velferdsteknologi.

Aktuelle stikkord

  • Kva er teknologi? Gi døme.
  • Korleis blir den aktuelle teknologien brukt i utdanningsprogrammet ditt?
  • Kva fordelar gir denne teknologien?
  • Vurder kva positiv og negativ innverknad teknologien kan ha på ei berekraftig utvikling.
  • Kan teknologien knytast til eit eller fleire av berekraftsmåla?
  • Foreslå moglege forbetringar av teknologien.
Forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre stoff og stoffblandingar som er relevante for eige utdanningsprogram

Oppgåve 2. Stoff

Gi døme på viktige stoff i helse- og oppvekstfag. Vel deg eit stoff som du går i djupna på.

Aktuelle stikkord

  • Korleis kan ulike stoff systematiserast i ulike grupper?

  • Korleis vi kan undersøke eigenskapane til dette stoffet (døme på forsøk)?

  • kjemisk oppbygging

  • kjemiske reaksjonar
  • risikovurdering og handtering
  • vurdering av stoffet med tanke på berekraft

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Eigenskapane til ulike typar plast

Forsøk: Tettleik og løyseevne til ulike stoff

Forsøk: Syrer og basar i yrket ditt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske eigenskapar og reaksjonar til nokre stoff og stoffblandingar som er relevante for eige utdanningsprogram
  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 3. Helse og livsstil

Vel eit aktuelt helse- og livsstilsspørsmål som du drøftar, eller ta utgangspunkt i ein av casane i artikkelen Livsstilsvanar hos norske ungdommar.

Presenter det du finn ut.

Tips!

I artikkelen Livsstilen din ligg det eit rekneark som inneheld resultat frå ei stor undersøking om livsstilen til ungdom.

Vel deg eit eller nokre få område som du undersøker nærare. Lag grafiske framstillingar, og presenter det du finn ut.

Aktuelle stikkord

  • Kva blir meint med helse?
  • Kva er livsstil?
  • Kva er samanhengen mellom helse og livsstil?
  • Kva meiner du kjenneteiknar god helse?
  • Kvifor er spørsmålet du har valt, aktuelt?
  • Korleis kan du kople spørsmålet til andre kompetansemål i læreplanen?

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 4. Mat og helse

Framfor deg har du eit utval matvarer (til dømes mjølk, sukker, mjøl, potetmjøl, olivenolje, eple, eggekvite).

Planlegg eit forsøk der du skal undersøke innhaldet av eit eller fleire næringsstoff i desse matvarene (til dømes påvise stivelse eller protein).

Aktuelle stikkord

  • Forklar og vis korleis du vil gjennomføre eit slikt forsøk.
  • Korleis vil du gå fram for å risikovurdere forsøket?
  • Kva gjer du med eventuelt avfall frå forsøket?
  • Kva blir meint med næringsstoff?
  • Vel eit eller fleire næringsstoff. Forklar korleis dei er bygde opp, kva som skjer med dei i kroppen, og kva som kan vere gode kjelder til desse næringsstoffa.
  • Gjer kort greie for funksjonen til det næringsstoffet / dei næringsstoffa du har valt.

  • Forklar og vis korleis du kan påvise desse næringsstoffa.

  • Kva meiner vi med eit variert kosthald?
  • Kva er samanhengen mellom kosthald og helse?
  • Kommenter påstanden "Det er ikkje berekraftig å ete kjøtt", eller finn ein annan påstand om kosthald og vurder kor påliteleg han er.

Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Påvising av monosakkarid

Forsøk: Påvising av protein og karbohydrat i mjølk

Forsøk: Påvising av stivelse og protein

Forsøk: Enzym i spytt

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv

  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

Oppgåve 5. Mikroorganismar

Lag ei problemstilling eller ein case der du får drøfta kva mikroorganismar har å seie for kropp og helse. Bruk aktuelle forsøk som ein del av drøftinga di.

Aktuelle stikkord

  • Kva er mikroorganismar? Gi ei kort oversikt over ulike typar.
  • Korleis kan mikroorganismar vere både nyttige og skadelege for oss?
  • Korleis blir smitte spreidd?
  • Korleis kan vi forhindre spreiing av smitte?
  • Tenk deg at du jobbar på ein sjukeheim. Det nærmar seg influensasesong. Foreslå moglege tiltak for å hindre spreiing av smitte på sjukeheimen. Vurder tiltaka med tanke på

    • kor effektive dei er
    • kor kostbare dei er å gjennomføre
    • kor inngripande dei er i kvardagen til folk
Forsøk

Forslag til forsøk

Forsøk: Handtering av smitteavfall

Forsøk: Undersøk mikroorganismar

Forsøk: Mikroskop – innstilling og bruk

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte kva betydning mikroorganismar har for kropp og helse

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Oppgåve 6. Presenter ei sjøvvald problemstilling

I løpet av skuleåret har du jobba med ei sjølvvald problemstilling. Presenter det du har funne ut, og argumenter for den metoden du valde å bruke.

Aktuelle stikkord

  • Kvifor valde du denne problemstillinga?
  • Kva hypotesar har du jobba med?
  • Korleis undersøkte du om hypotesane stemde?
  • Kva fann du ut?
  • Korleis heng det du har funne ut, saman med andre emne i naturfag og andre fag?
  • Korleis er det du har funne ut, relevant for utdanningsprogrammet ditt?
Forsøk

Her må aktuelle forsøk tilpassast den problemstillinga du har jobba med.

Kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar

  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte

  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i naturfag (NAT01‑04). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nat01-04

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Eksamen i naturfag