Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Repetisjonsspørsmål om salsprosessen

Korleis lærer du best? Lag din eigen læringsstrategi for å lære om salsprosessen. Arbeid med fagstoffet, og svar på repetisjonsspørsmål individuelt. Gå deretter saman med ein læringspartnar, og still kvarandre annakvart spørsmål.
Elevar på vidaregåande sit og jobbar med gruppearbeid, og læraren står ved sida av og hjelper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spør kvarandre!

For at du skal hugse kva salsprosessen er, og kva som inngår i kvar fase, er det lurt å arbeide med fagstoffet og tvinge deg sjølv til å bruke eigne ord for å forklare fagomgrep. Det er då du verkeleg lærer!

For å lære på ein annan måte kan du prøve å lære fagstoffet bort til den du sit ved sida av. Då er du nærast sikker på at du kan det, for det du lærer bort til andre, det du kunne sjølv. Svar derfor først skriftleg på spørsmåla på eiga hand. Gå så saman med den du sit med, og still kvarandre annakvart spørsmål.

Repetisjonsspørsmål

  1. Forklar med eigne ord kva som er meint med omgrepa

    1. sal

    2. salsprosessen

  2. Gjer greie for

    1. planleggingsfasen

    2. kontaktfasen

    3. behovsanalysefasen

    4. argumentasjons- og demonstrasjonsfasen

    5. salsavslutningsfasen

    6. oppfølgingsfasen

  3. Kva er meint med "sanningsaugneblinken"?

  4. Kva kjenneteiknar eit godt salsargument?

  5. Kva er føremålet med kundeoppfølging etter at eit sal er avslutta?

  6. Kva trur du er forskjellen på ein salsorientert og ein kundeorientert seljar?

  7. Beskriv nokre viktige eigenskapar hos ein god seljar.

  8. Kva inneber god salskompetanse?

  9. Salgs- og reklameforeningen i Bergen har ei årleg kåring av årets unge seljarførebilete. Øyvind Lien, som du kan sjå i videoen under, var ein av finalistane i 2019. Noter ned det du meiner er det viktigaste stikkordet knytt til sal som Øyvind fortel om i videoen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2017

Læringsressursar

Salsprosessen