Fasane i salsprosessen
Det er både spennande og utfordrande å jobbe med sal. Ingen dagar er like, og ingen kundar er like. Kundane kan vere kresne, dei kan ha ein dårleg dag, eller dei kan vere forsiktige og mistenksame. Derfor må du som seljar vere kreativ og kunne tilpasse salsteknikken til kvar enkelt kunde, etter dei behova og ønska kunden har.
Sidan kundereisa har endra seg dei siste åra, må salsprosessen følgje etter. Dyktige seljarar, som kan jobben sin, er den viktigaste ressursen i bedrifta.
Kva er ein salsprosess?
Som seljar må du kunne avdekkje behova og ønska til kunden, slik at du får selt produkta dine og kunden blir fornøgd. Fornøgde kundar er gull verde! Salsprosessen blir av superoffice.no definert som
[…] en rekke av gjentatte handlinger som en selger gjør for å flytte en potensiell kunde fra det første stadiet med oppmerksomhet til et bekreftet salg.
Vi kan dele salsprosessen inn i seks fasar som vi går gjennom før vi sel, når vi sel, og etter at vi har selt. Dei seks fasane er
planlegging
kontakt
behovsanalyse
argumentasjon og demonstrasjon
avslutning
oppfølging
Relatert innhald
Å drive med sal høyrest kanskje enkelt ut, men dei som har gjort det ei stund, veit at det mellom anna krev grundig planlegging og god produktkunnskap.
Når planleggingsfasen er over, er det tid for å ta kontakt med kunden. Det skal vi sjå nærare på her.