Kontaktfasen - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kontaktfasen

Når planleggingsfasen er over, er det tid for å ta kontakt med kunden. Førsteinntrykket er viktig. Verkar du useriøs, får du ikkje den naudsynte tilliten. Vi kan kalle denne fasen "sanningsaugneblinken", og han er like viktig på nettet som i ein fysisk butikk.

Etablere kontakt

Det er viktig å skape eit godt førsteinntrykk, for elles kan kundane forlate butikken før dei har gjort seg kjende med han og produkta.

Korleis ønskjer kundar å bli møtte når dei kjem inn i ein butikk? Og korleis ønskjer dei å bli møtte på digitale flater når dei handlar på nettet?

Tenk over

  • Kva er viktig for førsteinntrykket i ein nettbutikk?

  • Korleis ønskjer du å bli møtt i ein fysisk butikk?

  • Korleis påverkar salsmiljøet førsteinntrykket?

Når du jobbar i ein butikk, er det viktig at du ser presentabel ut og er klar over kroppsspråket ditt. Smil, ver høfleg og hjelpsam og vis interesse, men ikkje ver for påtrengjande. Du må sjå kunden og hugse at sal er å yte service slik at kunden blir fornøgd.

Døme på kundekontakt

Sjå videoen under, og legg merke til korleis servicemedarbeidarane jobbar med service og kundebehandling.

Servicespesialist Katarina Lalander Hamnes besøkjer ulike bedrifter og viser oss korleis dei jobbar med service og kundebehandling. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0
Diskuter i klassa
  • Kva førsteinntrykk gir servicemedarbeidarane?

  • På kva måte viser servicemedarbeidarane produktkunnskap?

  • Er det noko servicemedarbeidarane kunne ha gjort annleis, og i tilfelle kva og kvifor?

Det er ingen fasit for kva som verkar. Det avheng av bransje, produkt, konkurrentar og sjølvsagt menneska du møter. Dette er "live" – det skjer der og då.

Kroppsspråk

Du har sikkert høyrt kor viktig kroppsspråket er samanlikna med å nytte ord. For kor mykje trur du kunden hugsar av det du seier?

Kroppsspråket vårt påverkar korleis andre oppfattar oss, og også korleis du kjenner deg sjølv. Å øva seg på eit ope og positivt kroppsspråk kan hjelpa deg i rolla di som salsmedarbeidar.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Live Marie Toft Sundbye. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021