Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prisindeks. Konsumprisindeks

Oppgåvene nedanfor du løyse med alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna.

4.4.1

Tabellen viser prisutviklinga for brød i perioden frå 2011 til 2017.

År

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Prisindeks

88,2

91,0

94,2

98,2

100,0

102,5

104,5

a) Kva år er basisåret?

Løysing

Basisåret er 2015. Dette kan vi sjå fordi indeksen har verdien 100 i basisåret.

b) Kva verdi har alltid indeksen i basisåret?

Løysing

Indeksen har alltid verdien 100 i basisåret.

c) Kor mange prosent har prisen på brød stige med frå 2015 til 2017?

Løysing

Prisen på brød har stige med 4,5 prosent i denne perioden. Her kan vi lese det direkte av indeksen, som har gått opp frå 100 til 104,5.

d) Har prisen på brød stige kvart år frå 2011 til 2017?

Løysing

Ja, prisen på brød har stige kvart år frå 2011 og 2017. Det ser vi fordi indeksen har stige kvart år mellom 2011 og 2017.

e) Kor mange prosent har prisen på brød stige med frå 2011 til 2017?

Løysing

104,5-88,288,2·100 %=16,388,2·100 %=18,48 % 

Prisen på brød har stige med 18,5 prosent frå 2011 til 2017.

f) Prisen på ein brødtype i 2015 var 25 kroner. Bruk indeksane for brød og finn prisen på brødtypen i 2011 og i 2017.

Løysing

For å finne prisen på brødtypen i 2011 set vi opplysningane inn i ein tabell.

Pris

Indeks

2011

x

88,2

2015

25

100

Dette gir

x25=88,210025·x25 = 88,2·25100x=22,05

Prisen på brødtypen i 2011 var 22,05 kroner.

Av indeksen i 2017 ser vi at prisen på brødtypen steig med 4,5 prosent frå 2015 til 2017. Det svarer til ein vekstfaktor på 1,045.

Prisen på brødtypen i 2017 var 25 kr·1,04526,13 kr.

4.4.2

Tabellen viser prisutviklinga for varegruppa klede i perioden frå 1997 til 2008.

År

1997

1998

1999

2000

2001

2003

2005

2008

Prisindeks

206,7

201,6

199,6

188,5

187,8

155,5

137,3

117,9

a) Kva kan du seie om prisutviklinga i varegruppa klede i denne perioden?

Løysing

Prisane har falle i heile perioden.

b) Kor mange prosent har prisane i varegruppa klede sokke med frå 1997 til 2008?

Løysing

Prisane har sokke med ein vekstfaktor på  117,9206,7=0,570.

0,570=1-0,430

Det betyr at prisane har sokke med 43,0 prosent frå 1997 til 2008.

c) Kan du tenkje deg nokon grunnar til at prisutviklinga på klede har vore slik i denne perioden? Diskuter.

Løysing

Nokre grunnar kan vere produksjon i lågkostland, meir effektiv produksjon og større forbruk.

4.4.3

Linjediagram over utviklinga i prisindeks på matvarer, tobakk og skotøy. Verdiane på y-aksen går frå 0 til 140, og x-aksen viser åra frå 1998 til 2008. Illustrasjon.

Diagrammet ovanfor viser utviklinga i prisindeksane for matvarer, tobakk og skotøy i åra 1998 til 2008. Tala er henta frå statistikkbanken til SSB.

a) Beskriv utviklinga i prisindeksane for dei tre varegruppene i perioden frå 1998 til 2008.

Løysing

Prisindeksen på tobakk har stige kraftig i denne perioden. Auken er omtrent 75 prosent (frå 40 til 70).

Prisindeksen på matvarer har auka noko frå rett under 80 til omtrent 90. Dette er ein liten auke samanlikna med auken i prisindeksen på tobakk.

Prisindeksen på skotøy har falle med litt mindre enn 15 prosent (frå omtrent 115 til 100) i perioden frå 1998 til 2008.

b) Kor mange prosent har prisen på tobakk auka med frå 1998 til 2005?

Løysing

Prisen på tobakk har auka med noko over 50 prosent (frå 40 til litt over 60) frå 1998 til 2005.

c) Kor mange prosent sokk prisen på skotøy med i perioden frå 1998 til 2004?

Løysing

Vi ser at prisen på skotøy har falle frå omtrent 113 til omtrent 102, det vil seie litt over 10 poeng. Det betyr at prisen på skotøy sokk med omtrent 10 prosent i denne perioden.

4.4.4

I 1990 kosta ei vare 345 kroner. Prisindeksen for vara dette året var 75,2 poeng. I 2008 var prisindeksen for denne vara 112,1 poeng.

Kva kosta vara i 2008?

Løysing

Vi set opplysningane opp i ein tabell for å få oversikt.

Pris

Indeks

2008

x

112,1

1990

345 kr

75,2

Vi finn vekstfaktoren for endringa i indeksen.

112,175,21,49

Prisen i 2008 var  345 kr·1,49514 kr.

Vi kan alternativt bruke likning.

x345 = 112,175,2345·x345=112,1·34575,2x=514

4.4.5

Prisen for ei vare i 2006 var 9,90 kroner. Den same vara kosta 7,90 kroner i 2003. Prisindeksen i 2003 for denne vara var 116,2.

Finn prisindeksen for vara i 2006.

Løysing

Vi set opplysningane opp i ein tabell for å få oversikt.

Pris

Indeks

2006

9,90 kr

x

2003

7,90 kr

116,2

Vi finn vekstfaktoren for endringa i prisen.

9,907,901,253

Indeksen i 2006 var  116,2·1,253145,6.

Vi kan alternativt bruke likning.

x116,2 = 9,907,90116,2·x116,2=9,90·116,27,90x=145,6

4.4.6

Tabellen nedanfor viser prisindeksen for nye einebustader i perioden frå 2003 til 2008.

År

2003

2004

2005

2006

2007

2008

Prisindeks

120,1

124,3

134,6

140,3

152,6

170,1

Ein bestemd type einebustad kosta 1 900 000 kroner i 2003. Kva kosta tilsvarande einebustad i 2008?

Løysing

Vekstfaktoren for endringa i indeksen er

170,1120,11,416

I 2008 kosta einebustaden

1 900 000 kr·1,416=2 690 400 kr

4.4.7

I basisåret 2015 kosta ein pose potetgull 19 kroner. I 2017 var prisindeksen for potetgull 97,6 poeng.

Kor mykje skulle posen med potetgull ha kosta i 2017 dersom prisen følgde prisindeksen for potetgull?

Løysing

Indeksen i basisåret 2015 er 100. Prisen på potetgullposen har dermed falle med 2,4 prosent fram til 2017. Det svarer til ein vekstfaktor på 0,976.

Prisen på potetgullposen i 2017 var 19 kr·0,97618,54 kr.

Oppgåva kan òg reknast ved å setje opp ein tabell over opplysningane og løyse ei likning.

Konsumprisindeksen

Tabellen nedanfor viser konsumprisindeksen (KPI) frå 2005 til 2017.

År

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

KPI

82,3

84,2

84,8

88,0

89,9

92,1

93,3

93,9

95,9

97,9

100,0

103,6

105,5

I nokre av oppgåvene som følgjer, får du bruk for nokre av konsumprisindeksane i tabellen.

4.4.8

Eivind kjøpte i 2005 nye ski for 1 490 kroner. Kor mykje kosta dei same skia i 2017 dersom prisen på skia følgde konsumprisindeksen?

Løysing

Vi set opplysningane opp i ein tabell for å få oversikt.

Pris

Indeks

2017

x

105,5

2005

1 490 kr

82,3

Så løyser vi oppgåva ved å setje opp ei likning.

x1 490 = 105,582,31 490·x1 490=105,5·1 49082,3x=1 910

Prisen på skia i 2017 var 1 910 kroner.

Alternativ løysing:

Vi finn vekstfaktoren for endring i indeksen.

105,582,31,282

Prisen på skia i 2017 var  1 490 kr·1,2821 910 kr.

4.4.9

I 1980 var konsumprisindeksen 28,7 poeng. Familien Olsen brukte 3 000 kroner på nokre utvalde varer dette året. Vi går ut frå at prisen på desse varene følgde konsumprisindeksen. Kor mykje kosta dei same varene i 2017?

Løysing

Vi set opplysningane opp i ein tabell for å få oversikt.

Pris

Indeks

2017

x

105,5

1980

3 000 kr

28,7

Vi løyser oppgåva ved å setje opp ei likning.

x3 000 = 105,528,73 000·x3 000=105,5·3 00028,7x=11 028

Prisen på dei same varene i 2017 var 11 028 kroner.

Alternativ løysing:

Vi finn vekstfaktoren for endring i indeksane.

105,528,73,676

Prisen på varene i 2017 var  3 000 kr·3,67611 028 kr.

4.4.10

a) Kor mange poeng steig konsumprisindeksen med frå 2010 til 2017?

Løysing

Konsumprisindeksen steig med  105,5-92,1=13,4  poeng i denne perioden.

b) Kor mange prosent steig konsumprisindeksen med frå 2010 til 2017? Kommenter svaret.

Løysing

Frå a) har vi at konsumprisindeksen steig med 13,4 poeng.

Auken i prosent blir 13,492,1·100 %14,5 %.

Grunnlaget for prosentutrekninga er 92,1. Oppgåva kan òg løysast ved å rekne ut vekstfaktoren.

Prisane har altså i gjennomsnitt auka med 14,5 prosent på dei sju åra frå 2010 til 2017.

4.4.11

a) Kor mange poeng steig konsumprisindeksen med frå 1967 til 2017? Konsumprisindeksen i 1967 var 10,9 poeng.

Løysing

Konsumprisindeksen steig med  105,5-10,9=94,6  poeng i denne perioden.

b) Kor mange prosent steig konsumprisindeksen med frå 1967 til 2017? Kommenter svaret.

Løysing

Frå a) har vi at konsumprisindeksen steig med 94,6 poeng.

Auken i prosent blir  94,610,9·100 %868 %.

Grunnlaget for prosentutrekninga er 10,9.

Prisane har altså i gjennomsnitt auka med 868 prosent på dei 50 åra frå 1967 til 2017.

(Klarer du å løyse denne oppgåva med vekstfaktor?)

4.4.12

Gå til statistikkbanken over prisindeksar hos SSB. Vel tre varer eller varegrupper, finn den eldste og den nyaste prisindeksen, og rekn ut kor mange prosent prisen på desse varene har endra seg i løpet av den tida. Du finn dei ulike varegruppene ved å klikke på nedtrekksmenyen "Totalindeks" og velje "Varer og undergrupper".

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2021

Læringsressursar

Prisindeksar, kroneverdi og reallønn