Hopp til innhald
Oppgåve

Kroneverdi, reallønn og nominell lønn

Oppgåvene kan du løyse med alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna.

4.4.20

Fyll inn kroneverdiane i tabellen nedanfor.

År

1980

1990

2000

2010

2015

2017

Konsumprisindeks

28,7

59,9

75,5

92,1

100

105,5

Kroneverdi













Løysing

År

1980

1990

2000

2010

2015

2017

Konsum-prisindeks

28,7

59,9

75,5

92,1

100

105,5

Krone-verdi

10028,73,48

10059,91,67

10075,51,32

10092,11,09

100100=1

100105,50,95

4.4.21

I 1950 var kroneverdien 18,87. Kva var konsumprisindeksen i 1950?

Løysing

Kroneverdi1950 = 100KPI195018,87 =100xx = 10018,87x = 5,29

Konsumprisindeksen i 1950 var 5,29.

4.4.22

Miriam fekk 1 000 kroner i lommepengar i 2016. Kor mykje måtte ho få i lommepengar året etter dersom kjøpekrafta hennar skulle vere lik som i 2016?

Løysing

Konsumprisindeksen auka frå 103,6 til 105,5 frå 2016 til 2017.

Vi set opplysningane opp i ein tabell for å få oversikt.

Lommepengar

Indeks

2017

x kr

105,5

2016

1 000 kr

103,6

Vi finn vekstfaktoren for endringa i indeksen.

105,5103,61,018

Miriam må få  1 000 kr·1,018=1 018 kr i lommepengar i 2017 dersom kjøpekrafta hennar skal vere lik som i 2016.

4.4.23

Du kan berekne prisendringar sjølv på sida Konsumprisindeksen hos Statistisk sentralbyrå.

Finn løysinga på oppgåva ovanfor ved å bruke kalkulatoren du finn på nettsida.

Prøv kalkulatoren ved å setje inn nokre andre beløp og år.

4.4.24

I 2000 hadde Erlend ei nominell lønn på 345 300 kroner. Året etter var lønna 369 000 kroner. Konsumprisindeksen i 2000 var 75,5, og i 2001 var indeksen 77,7.

a) Finn reallønna til Erlend desse to åra.

Løysing

Vi bruker formelen for reallønn på året 2000.

  x345 300 = 10075,5345 300·x345 300=100·345 30075,5       x=457 351

Reallønna til Erlend i 2000 var 457 351 kroner.

Vi bruker formelen for reallønn på året 2001.

  x369 000 = 10077,7369 000·x369 000=100·369 00077,7       x=474 903

Reallønna til Erlend i 2000 var 474 903 kroner.

b) Finn den prosentvise endringa i reallønna i denne perioden.

Løysing

Prosentvis endring i reallønna frå 2000 til 2001:

474 903-457 351457 351·100 %3,84 %

4.4.25

Reallønna til Eirin var 575 919 kroner i 2006. Konsumprisindeksen var då 84,2.

Finn nominell lønn til Eirin i 2006.

Løysing

Vi gjer som i det eine dømet på teorisida Kroneverdi, reallønn og nominell lønn og snur formelen for reallønn på hovudet.

  x575 919 = 84,2100575 919·x575 919=84,2·575 919100       x=484 924

Den nominelle lønna til Eirin i 2006 var 484 924 kroner.

4.4.26

Grethe tente 445 235 kroner i 2016 og 455 538 kroner i 2017. Konsumprisindeksen i 2016 var 103,6, og i 2017 var han 105,5.

a) Finn reallønna til Grethe i 2016 og i 2017.

Løysing

Vi bruker formelen for reallønn på året 2016.

  x445 235 = 100103,6445 235·x445 235=100·445 235103,6       x=429 764

Reallønna til Grethe i 2016 var 429 764 kroner.

Vi bruker formelen for reallønn på året 2017.

  x455 538 = 100105,5455 538·x455 538=100·455 538105,5       x=431 790

Reallønna til Grethe i 2017 var 431 790 kroner.

b) Kva år hadde Grethe størst kjøpekraft?

Løysing

Reallønna var høgast i 2017. Kjøpekrafta var dermed høgast i 2017.

c) Kva måtte lønna til Grethe ha vore i 2017 dersom ho skulle ha lik kjøpekraft som året før?

Løysing

Dersom kjøpekrafta i 2017 skulle ha vore den same som i 2016, måtte reallønna i 2017 vore lik reallønna i 2016. Det vil seie at lønna måtte auke like mykje som konsumprisindeksen.

Vi set x lik det lønna i 2017 skulle ha vore, og vi set opplysningane inn i ein tabell for å få oversikt.

Lønn

Indeks

2017

x kr

105,5

2016

445 235 kr

103,6

  x445 235 = 105,5103,6445 235·x445 235=105,5·445 235103,6       x=453 401

Grethe måtte ha ei lønn på 453 401 kroner i 2017 dersom kjøpekrafta skulle vere den same som i 2016.

Du kan òg løyse oppgåva ved å bruke formelen for reallønn der vi bruker reallønna for 2016 frå oppgåve a) og konsumprisindeksen for 2017.

4.4.27

William hadde ei årslønn på 375 200 kroner i 2019. Han fekk tre ulike tilbod om lønnsauke for 2020:

  • ny årslønn på 388 500 kroner

  • eit tillegg som gjer at han beheld reallønna

  • ein lønnsauke på 3,5 prosent

Med 2015 som basisår er konsumprisindeksane 110,8 i 2019 og 112,2 i 2020.

Gjer naudsynte utrekningar, og avgjer kva tilbod som er best.

(Denne oppgåva er henta frå eksamen 1MY hausten 2006, men er noko omarbeidd.)

Løysing

Det er fleire ulike måtar å gå fram på her for å få samanlikna dei tre tilboda, men her er ein av framgangsmåtane.

Ny årslønn ved ein auke på 3,5 prosent blir

375 200 kr ·1,035=388 332 kr

Ein auke på 3,5 prosent er noko dårlegare enn tilbodet på 388 500 kroner. Tilbodet om lønnsauke på 3,5 prosent blir forkasta.

Det vil lønne seg for William å gå for tilbodet med å behalde reallønna dersom reallønna for tilbodet på 388 500 blir mindre enn reallønna i 2019.

Vi bruker formelen for reallønn på året 2019.

  x375 200 = 100110,8375 200·x375 200=100·375 200110,8       x=338 628


Reallønna til William i 2019 var 338 628 kroner.

Vi bruker formelen for reallønn på tilbodet på 388 500 kroner for året 2020.

  x388 500 = 100112,2388 500·x388 500=100·388 500112,2       x=346 257

Med ei årslønn på 388 500 kroner i 2020 ville reallønna ha vore 346 257 kroner.

Dersom William godtek tilbodet om 388 500 kroner i lønn, vil reallønna i 2020 bli høgare enn ho var i 2019.

Ei ny årslønn på 388 500 kroner er dermed det beste tilbodet.