Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Kroneverdi, reallønn og nominell lønn

Dersom du går inn på ein butikk etter 2025 med berre ei krone i lomma, får du truleg ikkje kjøpt nokon ting. Dersom du derimot hadde gått inn i ein butikk i 1970 med ei krone i lomma, hadde du til dømes kunna kjøpt deg ein Krone-is. Det er fordi kroneverdien var større i 1970.

Kroneverdi

Vi kan seie at ei krone i 1970 var meir verd enn ei krone i januar 2026. For å kunne samanlikne verdien av ei krone til ulike tider innfører vi omgrepet kroneverdi. Kroneverdien følger konsumprisindeksen etter formelen nedanfor.

Definisjon på kroneverdi

Kroneverdi=100konsumprisindeks


Legg merke til at konsumprisindeks (KPI) og kroneverdi er omvendt proporsjonale storleikar (sjå teorisida "Omvend proporsjonalitet").

I Statistikkbanken kan du sjå konsumprisindeksar heilt tilbake til 1920. I utrekningane på denne sida bruker vi 2025 som basisår og tal frå Statistisk sentralbyrå (2026b).

Kva var kroneverdien i basisåret?

Kroneverdi2025=100KPI2025=100100=1

Dersom vi ser på eit år før 2025, som til dømes 1970, var konsumprisindeksen mindre enn 100, han var 9,3. Ser du at kroneverdien då var større enn 1?

Kroneverdi1970=100KPI1970=1009,3=10,75

Etter 2025 har konsumprisindeksen vore større enn 100. Ser du at kroneverdien då blir mindre enn 1? Vi reknar ut kroneverdien for januar 2026 då indeksen var 101,6.

Kroneverdijan 2026=100KPIjan 2026=100101,6=0,98

Etter kvart som åra går og prisane (konsumprisindeksen) stig, blir kroneverdien mindre og mindre.

Legg merke til at vi her snakkar om den historiske kroneverdien internt i Noreg. Vi må ikkje forveksle denne historiske kroneverdien med "kroneverdien" i forhold til utanlandsk valuta.

Nokre kroneverdiar (2025=100)

Årstal

1970

2025

januar 2025

Kroneverdi

10,75

1

0,98

Reallønn og nominell lønn

Nominell lønn er det vi vanlegvis kallar lønn. Når du avtaler lønn med arbeidsgivaren din, er det nominell lønn det er snakk om.

Reallønn er ikkje ei verkeleg lønn, men ho fortel kor stor den nominelle lønna er i forhold til prisnivået i samfunnet.

Dersom den nominelle lønna frå eit år til eit anna stig like mykje som prisane, er reallønna den same. Arbeidstakarar flest ønsker at den nominelle lønna skal stige meir enn prisane. Dei ønsker at reallønna skal stige.

Døme: Reallønna til Grete

I 2023 hadde Grete ei nominell lønn på 520 000 kroner. Då var konsumprisindeksen 94,1. I 2024, året etter, hadde ho ei nominell lønn på 536 640 kroner. Då var konsumprisindeksen 97,1.

Vi reknar ut vekstfaktoren for stigninga i konsumprisindeksen:

97,194,1=1,032

Konsumprisindeksen steig med 3,2 prosent på dei to åra. Vi reknar ut vekstfaktoren for lønnsauken:

536 640 kr520 000 kr=1,032

Lønna steig òg med 3,2 prosent. Lønna steig like mykje som prisane. Grete fekk derfor ikkje betre råd i 2024 enn i 2023. Då kan vi òg seie at ho ikkje fekk større kjøpekraft i 2024 enn i 2023, og reallønna hennar var den same i dei to åra.

I staden for å rekne ut kor mange prosent den nominelle lønna endrar seg, kan vi rekne ut kva denne lønna svarte til i basisåret. Det er denne lønna vi kallar reallønn. På tilsvarande måte som for prisar og prisindeksar vil forholdet mellom reallønn og nominell lønn vere lik forholdet mellom indeksen i basisåret (100) og konsumprisindeksen for årstalet for den nominelle lønna. (Sjå teorisida "Prisindeks og konsumprisindeks".)

reallønnnominell lønn=100konsumprisindeks

Vi bruker formelen på dømet ovanfor. Reallønn for 2023:

x520 000 = 10094,1520 000·x520 000=10094,1·520 000     x=  552 604

Gretes reallønn i 2023 var 552 604 kroner.

Reallønn for 2024:

  x536 640 = 10097,1536 640·x536 640=10097,1·536 640       x=552 667

Gretes reallønn i 2024 var 552 667 kroner.

Slike likningar kan òg løysast med CAS i GeoGebra.

Vi ser at reallønna var omtrent den same i 2015 og i 2017.

Reallønna fortel oss kor mykje den nominelle lønna ville ha vore i basisåret dersom kjøpekrafta skulle vore den same. I basisåret har nominell lønn og reallønn same verdi.

🤔 Kvifor fekk vi ikkje nøyaktig same reallønn i 2023 som i 2024 når vi lenger oppe rekna ut at både lønna og konsumprisindeksen steig like mykje (3,2 prosent)?

Forklaring

Auken i konsumprisindeksen er ikkje nøyaktig lik 3,2 prosent, men 3,188 prosent. Avrundinga gjer derfor at vi ikkje får heilt same tal.

Døme: Den nominelle lønna til Trine

Reallønna til Trine var 550 000 kroner i 2006. Konsumprisindeksen dette året var 61,1. Vi vil finne den nominelle lønna til Trine i 2006.

Oversiktstabell

Lønn

Indeks

nominell lønn
x

konsumprisindeks
61,1

reallønn
550 000

100

Vi kan godt snu brøkane i formelen for reallønn på hovudet. Dersom vi gjer det, vil den ukjende nominelle lønna x hamne øvst til venstre i tabellen, og vi får ei likning som er grei å løyse.

  x550 000 = 61,1100550 000·x550 000=61,1·550 000100          x=336 050

Den nominelle lønna til Trine var 336 050 kroner i 2006.

Bensinprisen

Vi ser no på den same problemstillinga som i teorisida "Prisindeks og konsumprisindeks".

Var bensinen billigare i 2005 enn i 2024? På sida om prisindeksar fann vi at konsumprisindeksen hadde auka med 62,6 prosent, mens bensinprisen hadde stige med 100,4 prosent i dette tidsrommet. Ut frå det slo vi fast at bensinen var billigare i 2005 enn i 2024 samanlikna med den generelle prisutviklinga.

Det er òg mogleg å samanlikne prisutviklinga på bensin i denne perioden med lønnsutviklinga.

Ifølge Statistisk sentralbyrå var nettoinntekta (alminneleg inntekt etter særfrådrag) per innbyggar i Noreg 236 200 kroner i 2005, og i 2024 var ho 474 700 kroner (Statistisk sentralbyrå, 2026a). Vi reknar ut auken i prosent.

474 700 kr236 200 kr=2,010

Dette gir ein auke på 101,0 prosent. Inntekta i perioden dobla seg altså i denne perioden. Men prisen på bensin dobla seg òg. Forskjellen i auke er veldig liten. Inntekta auka med 101,0 prosent, mens bensinprisen auka med 100,4 prosent. Den gjennomsnittlege nettoinntekta steig altså omtrent like mykje i prosent som bensinprisen. Det vil seie at vi i 2024 måtte jobbe omtrent like mykje som vi gjorde i 2005 for å kunne kjøpe den same mengda bensin.

Svaret er: Bensinen var billigare i 2005 enn i 2024 samanlikna med det generelle prisnivået, men i forhold til lønnsnivået var bensinen omtrent like dyr.

Film: Reallønn

Under kan du sjå ein film (lengde 0:45) om korleis du reknar ut reallønn.

Video: Mintra AS / CC BY-SA 4.0

Kjelder

Statistisk sentralbyrå. (2026a, 9. januar). 08603: Skattepliktig inntekt og formue, fradrag, gjeld og fastsatt skatt for skattepliktige, etter skattekomponenter og år [Statistikk]. https://www.ssb.no/statbank/table/08603

Statistisk sentralbyrå. (2026b, 10. august). 14709: Konsumprisindeks (2025=100), etter måned og år [Statistikk]. https://www.ssb.no/statbank/table/14709

Skrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist oppdatert 10.08.2026