Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurdering av sentralmål

Kva sentralmål er best? Er det typetalet, gjennomsnitt eller median? Svaret er at dette må vurderast i kvart tilfelle.

ST-10

Ung person ved kaffemaskin. Foto.

Ti elevar fortel kvarandre kor mykje dei tente i sommarferien. Ni av dei har tent omtrent 10 000 kroner kvar, mens éin elev har arva ei rik tante og har derfor "tent" 5 000 000 kroner. Vi ønskjer å seie noko generelt om kor mykje dei ti elevane har tent.

a) Bestem typetalet og medianen.

Løysingsforslag

Her er det enkelt å ordne tala i stigande rekkjefølgje. Talmaterialet vårt består av ni tal som er 10 000 og eitt som er 5 millionar.

Typetalet er 10 000 sidan det berre er eitt tal som ikkje er 10 000. Medianen er òg 10 000 sidan alle tala nær midten er 10 000.

b) Finn gjennomsnittet.

Løysingsforslag

Vi kan rekne ut gjennomsnittet på vanleg måte.

x¯ = 5 000 000+9·10 00010 kroner  =5 090 00010 kr=509 000 kroner

c) Kva sentralmål synest du seier mest om kor mykje kvar elev i gruppa har tent?

Kommentar

Dersom vi bruker typetalet eller medianen og seier at "den typiske eleven tente 10 000 kroner denne sommaren", blir ikkje det heilt riktig. Samtidig blir det òg litt rart å bruke gjennomsnittet og seie at "i gjennomsnitt tente elevane 509 000 kroner", sjølv om det er riktig.

Vanlegvis har vi ikkje tilgang til alt talmaterialet i ei statistisk undersøking. Vi får berre opplyst eitt eller fleire nøkkeltal, og så må vi sjølv tolke tala.

Dersom du i ei nettavis les overskrifta "Elevane si gjennomsnittsinntekt i sommar: over ein halv million", vil du sikkert lure på kva desse elevane har gjort for å få til det. Det blir ikkje så spektakulært når det kjem for ein dag at gjennomsnittet blir så høgt fordi éin av elevane har fått arv ...

Dømet illustrerer korleis statistikk kan brukast, bevisst eller ubevisst, på ein slik måte at biletet av verkelegheita ikkje blir riktig.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen, Stein Aanensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2022

Læringsressursar

Statistiske storleikar