Matematikk 2P
Bygger på:Matematikk 1P
Statistikk
Ordet statistikk vart opphavleg brukt om skildringar av stats- eller samfunnsforhold. Statistikk handlar om å samle inn og ordne opplysningar på ein formålstenleg måte, og om å trekkje konklusjonar og treffe avgjerder på grunnlag av datamaterialet.
Statistiske storleikar
Kor mange elevar fekk karakteren 4 på den siste prøven? Kva var gjennomsnittskarakteren? Kor stor er spreiinga i karakterane?