Hopp til innhald

Fagstoff

Målestokk

Både kart og arbeidsteikningar er forminska, formlike attgivingar av røynda. Når vi kjenner målestokken, kan vi berekne avstandar i røynda på grunnlag av mål på kartet eller arbeidsteikninga.

Kart

Kompass på kart over Jotunheimen. Foto.

Kartet til høgre viser eit parti frå Jotunheimen.

Kartet har målestokk 1:50 000.

Det betyr at 1 cm på kartet svarer til

1cm · 50 000 = 50 000 cm                =500 m                =0,5 km

i røynda.

Ein avstand på 12 cm på kartet svarer då til

12·500 m=6 000 m=6 km

i røynda.

Motsett vil 15 km i luftlinje i terrenget svare til

15 km50 000=15 30  0 000 cm5 0 000=30 cm

på kartet.

Arbeidsteikningar

Ei arbeidsteikning er ei formlik attgiving av til dømes eit hus. Under ser du ei arbeidsteikning av eit hus sett frå sida. Dei små tala du ser, er måltala til lengder ulike stader i huset. (Desse måltala er dei faktiske lengdene, ikkje lengdene på teikninga.)

Kva er måleininga til desse måltala?

Svar

Måleininga her er mm. Det kan kanskje verke litt rart, men på arbeidsteikningar til hus er det vanleg å oppgi mål i mm for å få dei så nøyaktige som mogleg.

Teikning som viser tverrsnittet av eit hus på to etasjar. Mål og målestokk, 1 til 100, er skrivne inn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsteikninga har ein målestokk på 1 : 100. Dette betyr altså at éi eining på teikninga er 100 einingar i røynda. Ved hjelp av dei måla som er oppgitt på teikninga og målestokken, kan snikkaren berekne verkelege mål.

Snikkaren kan til dømes lese av på teikninga at takhøgda ved utgangsdøra er 2 443 mm. Korleis kan han finne breidda på døra, som ikkje er gitt på teikninga?

Svar

Han kan måle kor lang døra er på teikninga. Døra er antakeleg cirka 80 cm (det vil seie 800 mm) brei, det vil seie at ho skal vere 8 mm på teikninga.

Dersom du anten forstørrar eller forminskar arbeidsteikninga på skjermen, vil eigentleg målestokken som står på teikninga, ikkje vere riktig lenger. Tenk deg at du har skrive ut arbeidsteikninga og måler døra til å vere 20 mm på teikninga. Korleis kan du no finne ut kor brei døra er i røynda?

Svar

Sidan alle mål frå røynda er gitt på teikninga, kan vi bruke desse måla saman med teikninga for å rekne ut den faktiske målestokken på teikninga. Vi bruker eit av måla vi har, til dømes at veggen til venstre er 1 900 mm høg i røynda. Vi måler på teikninga og finn ut at han er cirka 48 mm. Då kan vi finne målestokken slik:

481900140

Det vil seie at målestokken i dette tilfellet er 1 : 40. (Hugs på at kolonet i målestokken betyr det same som brøkstreken.)

Så finn vi breidda på døra:

20 mm · 40 = 800 mm = 80 cm 

Målestokk er eit forholdstal

Tidlegare har du jobba med forholdstal mellom til dømes formlike trekantar. Kart og arbeidsteikningar er modellar av røynda som er gjorde mest mogleg formlike med den røynda dei skal beskrive. Det betyr at målestokken er forholdstalet mellom kartet og røynda.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Formlikskap