Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Administrative funksjonar i praksisbedrifta

Administrasjon er naudsynt i alle typar bedrifter. Men dei administrative funksjonane varierer frå bedrift til bedrift. Kva inneber dei administrative funksjonane i praksisbedrifta di?
Person som er dekt av ein stor bunke med papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: administrative funksjonar

  • Beskriv dei administrative funksjonane og rutinane i praksisbedrifta.
Tips
  • Tenk særleg på:

    • rutinar for opning og stenging
    • opplæring
    • lønns-, oppgjers- og rekneskapsrutinar
    • møte
    • bestillingsrutinar
    • varemottak
    • medarbeidarsamtalar
    • nettansvarleg
    • inngangskontroll
    • brann- og førstehjelpsansvar
  • Kva for nokre administrative funksjonar tek du ansvar for og/eller del i?
Kasseapparat i ein daglegvarebutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: teknologi

  • Beskriv kva slags teknologi som blir brukt i praksisbedrifta.
Tips
  • Døme på bruk av teknologi:

    • kasseapparat
    • kortbetaling
    • varebestilling
    • varemottak
    • heimesider
    • nettbutikk
    • inngangskontroll
    • tjuverialarmar
    • konfliktar
    • brann, tjuveri, førstehjelp
Kjøp i nettbutikk via mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Å vere utplassert