Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein arbeidsinstruks for sentervektaren

I filmen under følgjer vi ein vektar på jobb på Furuset senter. Som du ser, har ein vektar ulike arbeidsoppgåver i løpet av ein dag. Som stasjonærvakt har vektaren i tillegg til sikkerheitsarbeid ansvar for fleire delar av den daglege drifta.

Sjå gjennom filmen, og svar på oppgåva under.

Oppgåve

I filmen ser vi korleis vektaren startar dagen med å opne senteret, og at han utfører diverse arbeidsoppgåver og handterer uønskte hendingar.

Lag ein arbeidsinstruks for vektaren på senteret. Instruksen skal innehalde følgjande:

  • rutinar for opning/stenging
  • arbeid som til kvar tid må gjerast
  • handtering av uønskte hendingar og rapportering
  • rutinar for vaktrundar
  • rutinar for handtering av utstyr
CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Å vere utplassert