Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar vektartenester

Som vektar vil du oppleve varierte arbeidsdagar og lære å kommunisere med mange ulike typar menneske. Vektartenesta er eit utprega serviceyrke, og du skal alltid prioritere tryggleik og sikkerheit.
To vektarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav til vektarar

Som vektar må du ha tilfredsstillande vandel og vere fylt 18 år. Vaktselskapa legg dessutan vekt på at du er personleg eigna. Med andre ord krev vektaryrket at du har god etisk sans, og at du verkar trygg.

Ulike typar vektartenester

Her er nokre døme på tenester du kan bli sett til som vektar.

Sentervektar

Sentervektaren kan òg vere ei form for stasjonær vektar. På eit senter har vektaren gjerne ansvar for å handtere butikktjuveri, overvaking, rapportering og vedlikehald. Ein sentervektar bør vere synleg og vennleg.

Stasjonær vektar

Som stasjonær vektar jobbar du fast på eitt objekt (éin stad). Vanlegvis har ein stasjonær vektar ansvar for inngangskontroll, vaktrundar og andre oppgåver knytte til staden. Når du jobbar i resepsjon, på bomstasjon eller med vakthald for ei bedrift, er du stasjonær vektar.

Mobil vektar

Mobilt vakthald blir òg kalla alarm- og utrykkingsteneste, og arbeidet blir gjerne utført med uniformert bil. Ein mobil vektar svarer på alarmar, tek vaktrundar og rapporterer inn uønskte hendingar.

Felles for alle vektartenester

0-grensa

Du skal aldri ta imot gratis gåver, uansett om det er noko så lite som ein reklamepenn eller noko å drikke. Det gjeld både frå kunden og frå publikum. Grensa kan verke streng, men ho gir eit viktig signal om terskelen for mellom anna korrupsjon og kundepleie. Når grensa er 0, finst det ingen gråsoner.

Uniformsplikt

Uniforma til vektaren er bestemt av vaktselskapet i samråd med politiet. Når du har uniformsplikt, må du hugse at uniforma ikkje er ein rettleiande kleskode: Det er ikkje tillate med synleg personleg tilbehøyr som smykke, skjerf eller liknande, og du skal berre nytte godkjende sko og eventuelle godkjende hovudplagg. Når uniforma er på, er du på jobb, og derfor skal du som vektar heller ikkje utføre personlege ærend iført uniform.

Alder, vandel og utdanning

Det blir òg stilt krav til alder, vandel og utdanning for å jobbe som vektar. I samsvar med lov om vaktvirksomhet må ein for å bli tilsett som vektar vere fylt 18 år, kunne dokumentere tilfredsstillande vandel og ha fullført og godkjent grunnutdanning for vektarar.

Alderskravet er ikkje til hinder for at yngre personar kan praktisere som
vektarar som ledd i vidaregåande utdanning, som del av utdanninga eller som lærling.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

Å vere utplassert