Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva gjer ein kontorlærling?

I filmen får du eit innblikk i Kevins arbeidsdag på kemnerkontoret. Sjå filmen før du svarer på oppgåvene.

Oppgåve 1

Hos kemneren bruker dei programmet Websak til arkiv og journalføring. Gi døme på andre program som kan brukast til desse funksjonane.

Tips: Spør gjerne på din eigen praksisplass, eller søk på internett.

Oppgåve 2

  1. Kva meiner vi med servicegrad?
  2. Kva er rekna som service på praksisplassen din?
  3. Korleis måler dei servicegrada på praksisplassen din?

Oppgåve 3

På kemnerkontoret måler dei servicegrada etter kor lang tid innringjaren må vente på at nokon svarer på telefonen. Kva anna synest du vil vere ein viktig del av servicen når ein ringjer inn til ei bedrift?

Oppgåve 4

Trio er kommunikasjonsplattforma kemnerkontoret bruker. Her inngår sentralbordfunksjon, CRM-system og tilgjengelegheitssystem.

  1. Kva slags funksjonar bør eit sentralbord ha?
  2. Kva er eit CRM-system? Finn døme på andre CRM-system enn Trio.
  3. Kva meiner vi med tilgjengelegheitssystem?

Oppgåve 5

Kevin har mange arbeidsoppgåver på kemnerkontoret. I denne oppgåva skal du plassere orda under. Nokre er Kevins arbeidsoppgåver, nokre er ikkje.

Arbeidsoppgåver: kundeservice på telefon, tilgangskontroll, journalføring, personalarkiv, møtereferat, saksbehandling, ordrebehandling, booking, rekneskap, møtearrangement, innkjøp, lønsoppgåver, budsjett, posthandtering, resepsjon, arkivering, bruk av Microsoft Office, fakturering, møteinnkalling, informasjonsformidling, kalender, konflikthandtering.

Oppgåve 6

Bruk søkjemotorer på internett og finn ut kva følgjande oppgåver inneber:

  1. tilgangskontroll
  2. journalføring
  3. konflikthandtering kundar
  4. informasjonsformidling

Oppgåve 7

Gå inn på nettsidene til opplæringskontoret, og finn ei verksemd som tek imot kontorlærlingar. Vel ei verksemd du ønskjer å finne ut meir om – kanskje du kunne tenkje deg å søkje jobb der? Kva for nokre administrative rutinar trur du denne bedrifta har?

Tips: Finn organisasjonskartet for verksemda, talet på tilsette, kva avdelingar dei har, og utlyste stillingar.

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2020

Læringsressursar

Å vere utplassert