Hopp til innhald

Fagstoff

Profesjonell yrkesutøvar

For å vere ein profesjonell yrkesutøvar må du ha den kompetansen som er nødvendig. Kompetanse består av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar.

Når vi seier at ein person er profesjonell, kan det bety at han eller ho

  • er dyktig i faget eller jobben sin
  • har ein bestemt aktivitet eller ei verksemd som yrke, til dømes ein profesjonell fotballspelar

Kunnskapar

Døme på nødvendig kunnskap kan vere material- og fargelære og kunnskap om ulike komposisjonsprinsipp.

Ferdigheiter

Døme på ferdigheiter er evna til å utføre eit handverk og å kunne samarbeide og kommunisere godt med ulike menneske.

Haldningar

Døme på haldningar er å vere interessert, ansvarleg og fordomsfri. Du går på skule for å lære noko av den kompetansen du treng. Når du er ferdig med skulen, må du sjølv halde deg oppdatert og utvikle kompetansen din innanfor det yrket du har valt. Du kan møte kundar du liker og føler sympati for, og andre gonger kan du møte på menneske du synest det er vanskeleg å samarbeide med. Likevel skal du behandle alle med respekt.

Privat – personleg – profesjonell

I tillegg til den faglege kompetansen din må du kunne skilje mellom rolla som privatperson og rolla som profesjonell yrkesutøvar. Å vere privat er å vere slik du er på fritida di, til dømes saman med venene dine og familien din. Då kan du godt snakke om deg sjølv, om dine eigne behov og problem og bruke akkurat det språket og dei kleda du vil.

I møte med kundar er det kunden sine behov eller ønske som styrer kommunikasjonen mellom dykk. Du bør avpasse både språket ditt og klesdrakta di til den situasjonen de er i. Likevel kan du vere personleg. Å vere personleg betyr mellom anna at du oppfører deg naturleg og er interessert i kunden sine ønske.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2020

Læringsressursar

Å vere utplassert