Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig fisk

Du som utdannar deg innanfor kokk- og servitørfag, har eit stort ansvar for å velje råvarer som berekraftig produserte og å behandle dei på ein måte som reduserer svinn, avfall og miljøutslepp. Mange kundar og gjester er i dag opptekne av at det dei kjøper, skal vere frå berekraftige fiskeri.
Laks og annan sjømat utstilt i ein ferskvaredisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Riktig behandling av fisk er viktig for å hindre matsvinn

Fisk er det vi kallar eit lettskjemt produkt. Det vil seie at fisken lett får nedsett hygienisk kvalitet og kan bli helseskadeleg allereie etter kort tid i romtemperatur. Når du jobbar med fisk, er det derfor lurt å legge fisken på is under filetering og tilarbeiding. På den måten sikrar du at fisken ikkje blir dårleg og må kastast.

Når du fileterer, er det viktig å vere nøyaktig slik at du får med mest mogleg fiskekjøtt og eventuelt skrape fiskebeina med ei skei eller liknande for å få med fiskekjøtt som ligg att. Dette fiskekjøttet er fint å nytte til å lage ein farse av.

I Noreg har vi òg ein tradisjon for å nytte innmat, som lever og rogn, og meir ukurante delar som tunger og kjakar. Då får vi ei god ressursutnytting av heile dyret. Fiskebeina og hovudet kan nyttast til å koke god kraft på, som kan nyttast til supper og sausar. Fiskeskinnet kan vi fritere og servere som snacks.

Restar av fisk

Har du fiskerestar igjen, kan du nytte dei i ei fiskesuppe eller ein fiskegrateng. Plukkfisk er ein tradisjonell restemiddag der bitar av kokt fisk blir blanda med kvit saus og kokte poteter. Restar av kokt eller steikt fisk er perfekt å nytte i raske lunsjrettar som wraps, pastasalat, fylt pitabrød eller som pålegg på brødskiva.

Berekraftig å ete fisk?

Fisk har lågare miljøbelasting enn kjøtt, men høgare enn vegetabilske varer. Dei norske kostråda tilrår oss å ete fisk to–tre gonger i veka, fordi fisk bidreg med viktige næringsstoff som det finst lite eller ikkje noko av i grønsaker, som vitamin D, B12, jod og dei langkjeda omega-3-feittsyrene.

Enkelte fiskebestandar er ramma av overfiske og er utryddingstrua eller det er andre grunnar til at det ikkje er berekraftig å nytte enkelte artar. Det er derfor lurt å tenke gjennom kva slags fisk og sjømat du vel å setje på menyen.

Du kan følge WWFs sjømatguide for berekraftig forbruk av fisk og sjømat som ligg som relatert innhald i denne artikkelen, eller du kan velje miljømerkt fisk.

MSC-miljømerket

Ein blå rektangulær figur med omrisset av ein kvit fisk og teksten "Sertifisert bærekraftig sjømat MSC" og nettadressa www.msc.org/no. Illustrasjon.

MSC står for Marine Stewardship Council. Dette er ein organisasjon som jobbar for å hindre overfiske og sikre at det finst sjømat i framtida.

Det blå MSC-merket finst på sjømatprodukt som er garanterte å komme frå eit berekraftig fiske som oppfyller MSC-fiskeristandarden. Merkeordninga skal dermed gjere det lettare for forbrukarane å velje fisk som kjem frå berekraftige fiske.

Kjelde

Nasjonalt råd for ernæring. (2017). Bærekraftig kosthold – vurdering av de norske kostrådene i et bærekraftperspektiv. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/baerekraftig-kosthold-vurdering-av-de-norske-kostradene-i-et-baerekraftperspektiv

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2023

Læringsressursar

Fisk som råstoff