Arbeidsoppdrag
Kalde dessertar: oppgåver
Når du skal lage dessertar, er det viktig med god tid og gode kunnskapar, særleg om tjukningsmiddel som gelatin, egg, potetmjøl og maisenna. I desse oppgåvene skal de utforske nokre av prosessane som skal til for at geléen skal bli stiv, og bruk av ulike tjukningsmiddel.
- Lag gelé av 1 liter fruktjus smakt til med sukker og 10 gelatinplater.
- Kutt opp bitar av kiwi, fersk ananas, hermetisk ananas, appelsin, sitron og druer.
- Finn fram porsjonsskåler, og legg bitar av ein type frukt i kvar skål.
- Hell geléen over fruktbitane og set kaldt til neste dag.
- Kva har skjedd med geléen i dei ulike porsjonsskålene med frukt?
- Diskuter i klassen kvifor resultatet vart som det vart, og kva de kan gjere med frukta/geléen for å få eit bra resultat neste gong.
Det er fleire måtar å lage pudding på. I denne oppgåva skal de finne to oppskrifter på sjokoladepudding. Finn ei oppskrift der maisenna blir nytta som tjukningsmiddel, og ei oppskrift der det blir nytta gelatin.
- Lag ein porsjon av kvar pudding, avkjøl og legg opp på serveringsfat.
- Smak på dei to puddingane, og beskriv konsistens og smak. Kva likte du best?
- Kva er fordelane og ulempene ved bruk av dei to ulike tjukningsmidla?