Fagartikkel
Crème brûlée
Crème brûlée er ein dessert av fransk opphav og består av vaniljepudding med eit karamellisert sukkerlag på toppen.
Crème brûlée består av mjølk, fløyte, sukker, eggeplommer og vaniljestong.
Framgangsmåte
- Kok opp mjølk, fløyte, sukker og vaniljestong. Avkjøl litt.
- Pisk saman eggeplommene og bland inn mjølkeblandinga.
- Sil blandinga og ha ho over i ildfaste porsjonsformer, og posjer i vassbad i steikeomnen.
- Avkjøl formene.
- Dryss formene før servering med sukker som blir karamellisert ved hjelp av ein gassbrennar, salamander eller grillelementet i omnen.
I denne videoen viser kokkane korleis dei lagar crème brûlée.