Film og filmklipp
Puddingar
Puddingar er tradisjonelle dessertar som finst i mange ulike variantar. Ein pudding blir laga ved å koke opp ei væske og la ho tjukne på ulikt vis, anten ved bruk av gelatin, maismjøl, gryn eller egg.
Sjokoladepudding består av mjølk, fløyte, sukker, sjokolade og gelatin.
Framgangsmåte
- Kok opp mjølk, fløyte og sukker.
- Ta kjelen av plata og rør inn sjokoladen.
- Legg gelatinen i blaut nokre minutt og klem ut vatnet.
- Smelt gelatinen direkte i den varme blandinga.
- Ha smeteblandinga i ein serveringsbolle eller i porsjonsglas, og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.
- Avkjøl puddingen og server med vaniljesaus.
Semulepudding består av semulegryn, sukker, mjølk og smaksstoff.
Framgangsmåte
- Kok opp mjølk og sukker.
- Dryss i gryna under omrøring og kok opp. La småkoke i ca. 15 minutt til gryna er møre. Smak til med vaniljesukker eller mandeldropar.
- Hell i serveringsbolle eller porsjonsglas og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.
- Avkjøl puddingen og server med raud saus.
Pannacotta består av fløyte, sukker, gelatin og smaksstoff.
Framgangsmåte
- Legg gelatinplater i kaldt vatn i 5 minutt.
- Kok opp fløyte, sukker og smaksstoff.
- Klem ut vatnet av gelatinen og rør han inn i den varme smeten. Hell i serveringsskåler eller porsjonsglas.
- Avkjøl puddingen og server med ein frisk bærsaus.
Karamellpudding består av sukker, mjølk, kremfløyte, egg og vaniljestong.
Framgangsmåte
- Smelt sukker til karamell og hell det i botnen av ei puddingform.
- Kok opp mjølk/fløyte, sukker og vanilje. Avkjøl litt.
- Slå eggeplommene/egg lett saman før den varme mjølke-/fløyteblandinga blir piska inn.
- Hell smeten i dei karamelliserte formene, og posjer formene i vassbad i steikeomnen.
- Avkjøl og kvelv puddingen på eit serveringsfat, eller skjer fine stykke som blir serverte porsjonsvis med karamellsaus og piska krem.
Crème brûlée består av mjølk, fløyte, sukker, eggeplommer og vaniljestong.
Framgangsmåte
- Kok opp mjølk, fløyte, sukker og vaniljestong. Avkjøl litt.
- Pisk saman eggeplommene og bland inn mjølkeblandinga.
- Sil over i eldfaste porsjonsformer og posjer i vassbad i steikeomnen.
- Avkjøl formene.
- Før servering blir formene dryste med sukker som blir karamellisert ved hjelp av ein gassbrennar, salamander eller grillelementet i omnen.
I denne videoen får du sjå korleis kokkane lagar crème brûlée.