Hopp til innhald

Fagstoff

Sorbé

Sorbé kan lagast av ulike typar frukt og bær. Det smaker friskt og godt, og vi kan servere det som ein eigen dessert eller ved sida av andre dessertar.
Is og sorbé servert i ei svart dessertskål. Riven sjokolade over. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein sorbé er ein saftbasert is som blir laga på ein basis av frukt- eller bærpuré og sukkerlake.

Framgangsmåte

  • Kok sukkerlake av vatn, sukker og glukose, avkjøl.
  • Køyr ferske eller halvtinte bær til ein glatt puré saman med sukkerlaken i ein hurtigmiksar.
  • Sil puréen og smak om han treng meir sødme eller eventuelt syre. Sødmen i frukt og bær vil variere frå gong til gong.
  • Hell blandinga i ei ismaskin, og køyr til ho har fått ein passe konsistens.

Video

I denne videoen får du sjå framgangsmåten for å lage kokossorbé.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Isdessertar