Hopp til innhald

Fagstoff

Kremis

Lite kan slå ein god heimelaga kremis til dessert.
Ein kvit tallerken med jordbær og rabarbrabitar og ei kule vaniljeis på toppen. Pynta med hakka pistasjnøtter og mynteblad. Foto.

Kremis er ein iskrem som blir laga i ei ismaskin. Når vi nyttar ismaskin får isen ein luftigare og meir krema konsistens enn ein parfait som ikkje blir køyrd i maskin, og vi er sikre på at det ikkje blir danna nokre iskrystallar i han.

Kremis består av mjølk, fløyte, sukker, eggeplommer og smaksstoff.

Framgangsmåte

  • Kok opp mjølk og fløyte saman med sukker og eventuelt smaksstoff. Avkjøl litt.
  • Pisk eggeplommene lett saman i ein stålbolle.
  • Tilset mjølkeblandinga i egga mens du rører.
  • Set blandinga tilbake på plata og varm forsiktig opp.
  • Rør til massen får ein tjukkare konsistens. Pass på at han ikkje koker, han skal ikkje over 85 gradar. Bruk gjerne eit termometer.
  • Tips: Bruk gjerne eit termometer for å ha kontroll på temperaturen, eller bruk sleikjepottesten: Rør i smeten med ein slikkepott. Løft slikkepotten opp og dra fingeren over sleikjepotten slik at det blir danna eit horisontalt spor i smeten. Viss smeten ikkje byrjar å renne, men sporet blir ståande, er smeten passe tjukk.
  • Sil og avkjøl massen.
  • Hell massen i ei ismaskin og køyr til passe konsistens.

Video

I denne videoen får du sjå framgangsmåten for å lage ein kremis.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Isdessertar