Hopp til innhald

Fagstoff

Isparfait

Parfait er fransk og betyr perfekt. Denne frosne desserten smaker perfekt om han blir laga på riktig måte.
Jordbærparfait pent lagt opp på ein tallerken med rabarbrabitar under, skiva jordbær og grøne blad på toppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Parfait er ein type is som ikkje blir køyrd i ismaskin, men blir frosen ned i ei form. Vi kan variere parfaiten med ulike smakar av frukt, bær, krydder, likør, kaffi eller sjokolade, for å nemne noko.

Parfait består av kremfløyte, egg, sukker og smaksstoff.

Framgangsmåte

  • Kok sukker og vatn til temperaturen er 118 °C, bruk eit termometer. Ha gjerne i vanilje her om du lagar vaniljeparfait.
  • Pisk egg/eggeplommer til luftig konsistens og tilset litt og litt av den varme sukkerlaken i ein tynn stråle. Pisk til eggedosisen er kald.
  • Pisk fløyten til mjuk krem.
  • Bland eggedosisen, krem og eventuelle smaksstoff forsiktig med ein slikkepott, og ha blandinga i ei brødform eller i porsjonsformer.
  • Frys i minst 2–6 timar avhengig av storleiken på forma.

Video

I denne videoen får du sjå korleis kokken lagar parfait i porsjonsformer.

CC BY-NC-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Isdessertar