Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva hugsar du om sterkvin?

Etter å ha jobba med temaet sterkvin kan du prøve deg på desse oppgåvene.
Ei hand held tre glas med ulike typar portvin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sterkvin

  1. Kva er definisjonen på sterkvin?

  2. Kva glas blir sterkvin servert i?

  3. Kor mange centiliter (cl) er det vanleg å servere av sterkvin?

  4. Ved kva temperatur er det vanleg å servere ein sterkvin?

Sherry

  1. Når og til kva er det vanleg å servere sherry?

  2. Kvar blir sherry laga?

  3. Kva er ifølgje definisjonen ein sherry?

  4. Det finst to typar sherry: Kva heiter dei, og kva er forskjellen?

  5. Kva er solera-systemet?

Portvin

  1. Kvar portvin blir laga?

  2. Nemningar på portvin er ruby og tawny. Kva farge har desse, og kor gamle er dei?

  3. Til kva matretter vil du servere portvin?

  4. Kva er vintage?

  5. Kvifor må ein vintage dekanterast?

Madeira

  1. Kvar blir madeira laga?

  2. Madeira gjennomgår ein oppvarmingsprosess der vinen blir bevisst oksidert. Kvifor og korleis gjer ein det, og kva kallar vi denne prosessen?

  3. Det finst fire ulike typar madeira. Dei er oppkalla etter druetypen dei blir laga på. Kva heiter dei, og korleis smaker dei?

  4. Til kva slags mat vil du servere madeira?
CC BY-SASkrive av Hege Amdahl.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Sterkvin