Hopp til innhald

Fagstoff

Sterkvin (heitvin)

Sterkvin eller heitvin er forskjellige nemningar på det same. Sterkvin inneheld frå 15 til 22 prosent alkohol. Som du kanskje hugsar om svakvin, vart gjærsoppen drepen om alkoholen kom over 14 prosent. Derfor er grensa mellom sterk- og svakvin sett ved 15 prosent.

Om vi skal få ein druevin over 15 prosent, må han altså tilsetjast vinsprit. Ein kan lage fruktvin over 15 prosent utan å tilsetje sprit, men då med kultivert gjær. Sterkvin kan vi dele i to hovudgrupper: naturleg og aromatisert. Naturleg sterkvin er vanleg kvitvin eller raudvin som blir tilsett vinsprit og lagra på forskjellige måtar. Dei mest kjende er sherry, portvin og madeira. Det finst ei rekkje andre, men vi skal berre sjå nærare på dei som er mest brukte.

Aromatisert sterkvin blir i tillegg til sprit tilsett urter eller aromastoff. Her er det òg mykje forskjellig, men vi skal konsentrere oss om dei mest kjende av vermut og aperitiffar.

Servering av sterkvin

Eit godt vinglas har stilk og stett og er tulipanforma. Det vil seie at det svingar litt inn mot toppen. Innsvinginga av glaset gjer at aromaen ikkje forsvinn for fort ut av det, og stilken er til å halde i så vi ikkje varmar opp vinen med handa. I tillegg bør glaset vere klart og gjennomsiktig slik at ein kan vurdere fargen på vinen.

Glaset som skal brukast til sterkvin, er litt mindre enn glasa til svakvin og rommar rundt 20–30 cl vin. Når vi serverer sterkvin, er det vanleg å servere det i ei mengde av 6 cl.

Anbefalt serveringstemperatur for sterkvin er

  • 12–14 °C for portvin og madeira

  • 10–14 °C for sherry


CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Sterkvin