Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilpassa kost for eldre

Fleire kundar/brukarar/pasientar treng tilpassa kost på grunn av sjukdom, allergi eller livsstil. I denne oppgåva skal du få jobbe med kost som er tilpassa eldre menneske.
Måltid i institusjon for eldre. Kvinneleg sjukepleiar snakkar med eldre kvinne som sit ved eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Skriv litt om ein kva endringar du må gjere med mat som skal serverast til eldre. Kva inneber dette når du skal lage mat?

Oppgåve 2

Lag ein plan over måltid til eldre. Her skal det vere tilpassa kost til frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Kosten skal vere mest mogleg variert og innehalde både energigivande næringsstoff, vitamin og mineral.

Oppgåve 3

Finn oppskrifter og lag bestilling på råvarer til eit av måltida frå oppgåve 2. Måltidet skal lagast på kjøkkenet og presenterast på ein buffé. Måltidet skal innehalde både mat og drikke.

Presenter måltidet og tilpassingane du har gjort, for resten av klassen. Lat dei få smake.

Helsefagarbeidar og eldre kvinne ser på fotoalbum saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Kost for eldre