Måltid i institusjon - Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Måltid i institusjon

Etter kvart som vi blir eldre, forbruker vi mindre energi, og dermed treng vi mindre mat. Jo mindre vi et, desto viktigare er det at maten er rik på næringsstoff, slik at vi ikkje får i oss for lite vitamin og mineral. Dette kan ofte vere eit problem blant eldre.

Ein del eldre får dessutan ikkje i seg nok energi, rett og slett fordi dei et altfor lite. Undersøkingar viser at eldre over 80 år som i tillegg er kronisk sjuke, og/eller som lir av depresjon eller mental svikt, er i risikosona for å bli feil- eller underernærte.

Mange av desse bur på alders- eller sjukeheim, men får likevel ikkje i seg det dei treng av næring. Dette kan kome av fleire ting, men på mange institusjonar kan det heilt klart gjerast meir for å sikre at pasientane eller bebuarane har ein tilfredsstillande ernæringsstatus.

Tilpassa kost

Det kan vere mange grunnar til at eldre og andre på institusjon ikkje får i seg nok mat. Nokon mister interessa for mat eller har dårlegare matlyst på grunn av einsemd og depresjon. Sjuke og pleietrengande kan òg ha nedsett allmenntilstand og vanskar med å tyggje og svelgje. Dei kan derfor ha problem med å ete nok av den maten som blir servert. For å redusere volumet på maten tilrår ein derfor at kosthaldet på sjuke- og aldersheimar inneheld noko meir feitt enn kvardagskosten.

Mange eldre får redusert smaks- og luktesans og bør derfor få tilbod om ekstra krydder for å få ei betre smaksoppleving når dei et. Det er òg viktig at kosthaldet er tilpassa vanane og tradisjonane til bebuarane, slik at maten som blir servert, er kjend og kjær.

Hyppige måltid

For å sikre at bebuarane får i seg nok energi og næringsstoff, er det viktig at dei et ofte nok. Dei bør derfor få tilbod om fire faste måltid og minst eitt mellommåltid per dag. Så langt det lèt seg gjere, bør bebuarane ha moglegheit til å få mat og drikke utanom faste måltid, slik at dei ikkje går glipp av mat viss dei til dømes har sove under eit måltid. For at det ikkje skal gå for lang tid mellom dagens siste måltid og frukost dagen etter, er det viktig at det blir servert eit skikkeleg måltid seinare på kvelden.

Etter kvart som vi blir eldre, blir tørstekjensla vår dårlegare. Mange eldre drikk derfor altfor lite, noko som kan føre til dehydrering og "forvirring". For å unngå dette er det viktig at ein så ofte som mogleg tilbyr dei eldre noko å drikke, gjerne jus eller andre energihaldige drikkar for dei som er tynne i utgangspunktet.

Lat dei eldre bidra

Vi har alle ein tendens til å ete meir i "hyggjeleg lag", og dette gjeld sjølvsagt òg dei eldre. Det er derfor svært viktig å gjere måltidet til ei positiv oppleving for bebuarane på ein institusjon. Dette handlar både om kva som blir servert, om korleis maten blir servert, og om miljøet rundt måltidet.

På mange eldreinstitusjonar deltek dei eldre lite i matstellet. Dei blir ikkje spurde om kva slags middag dei vil ha, og mange smør aldri sine eigne skiver eller deltek i menyplanlegging. Dette fører til passivisering.

Trivsel og deltaking kan vere ein føresetnad for matlyst og god ernæringsstatus. Derfor bør bebuarar som har lyst og moglegheit til å delta aktivt i matlaging og servering, få lov til å gjere dette.

Trivsel rundt måltidet

Når vi set oss ned for å ete, har miljøet rundt oss mykje å seie for appetitten og matgleda. Det er til dømes ikkje særleg freistande å ete i eit rom der det luktar ubehageleg, eller i ein matsal der målinga flassar av og stolane er vonde. Utforminga til matrommet og val av servise, møblar og gardiner kan påverke appetitten til bebuarane.

Maten skal sjølvsagt sjå appetittleg ut, og det er viktig at det ikkje blir servert for store porsjonar. Det kan nemleg redusere matlysta ytterlegare for dei som allereie slit med å få i seg nok mat.

Sjekkliste for ein optimal etesituasjon

  • Sit personen i ei behageleg stilling?
  • Kan ho/han ete utan ubehag?
  • Kven serverer maten?
  • Korleis ser maten ut, er han appetittleg?
  • Korleis er porsjonsstorleiken?
  • Er porsjonane tilpassa individuelle behov?
  • Er behova for spesielle diettar varetekne?
  • Får personen hjelp til å ete viss det er naudsynt?
  • Blir mykje mat boren ut igjen? I så fall: Kva slags mat er det?
  • Har personen nok tid til å ete?
  • Er tannprotesar tilgjengelege?
  • Er det nok tilsette til stades for å hjelpe til med ekstra behov?
  • Korleis ville du sjølv likt å bli servert denne maten over lengre tid?

Relatert innhald

Fagstoff
Underernæring

Underernæring har helsemessige konsekvensar for den enkelte, som auka risiko for infeksjonar, redusert fysisk og psykisk helse og auka dødelegheit.

Fagstoff
Ernæringstrappa

Ernæringstrappa er ein modell for individretta tiltak for førebygging og behandling av underernæring.

Skrive av Cathrine Borchsenius, Kjøkkenskriveren og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2022