Modulstrukturert opplæring: helsearbeidarfaget
Om modulstrukturert opplæring for vaksne
Modulstrukturert opplæring inneber at læreplanen i eit fag er delt inn i modular som kan takast uavhengig av kvarandre.
Opplæring ut frå behov
Den vaksne har rett på realkompetansevurdering. Det betyr at opplæringa skal bygge på kompetansen den vaksne allereie har. På bakgrunn av realkompetansevurdering kan den vaksne få godkjent heile eller delar av modular.
Læreplanane er laga for å bli brukte i lærebedrifter og i skular. Det er inga fastsett opplæringstid på modulane. Modulstrukturerte læreplanar kan òg vere eit verkemiddel for å få kvalifisering innanfor introduksjonsprogrammet og arbeidsmarknadstiltak.
Lærebedrifta og fylkeskommunen inngår avtalar om fordeling av ansvar for opplæring. Til dømes kan fylkeskommunen ta ansvaret for opplæringa i kompetansemål frå fellesfag og programfag på vg1 og vg2.
Innhald i læreplanane
Modulane omfattar til saman heile innhaldet frå den ordinære læreplanen for vg3 i lærefaget. I tillegg er det teke inn kompetansemål frå vg1 og vg2.
Alle opplæringsløpa har òg opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Læreplanen for norsk og samfunnskunnskap inneheld relevante kompetansemål frå norsk vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram eller norsk for minoritetsspråklege og frå samfunnskunnskap vg1 og vg2.
NDLA har ei eiga ressursside for norsk og samfunnskunnskap i modulstrukturert opplæring.
Fagprøven
Opplæringa skal avsluttast med ein fagprøve. Før fagprøven må alle ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget for vg3. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Fagprøven blir gjennomført innanfor ei tidsramme på to til tre verkedagar.
Relevante ressursar til helsearbeidarfaget
Helsearbeidarfaget er delt inn i fire modular:
profesjonalitet i helsearbeidarfaget
livskvalitet og helsekompetanse
grunnleggande sjukepleie
rehabilitering, habilitering og kvardagsmeistring
Vi har laga ein tabell for kvar modul, og kvar tabell listar opp kompetansemåla med lenker til filtrerte søk. Søkeresultata består av emne, fagstoff, oppgåver, læringsstiar og kjeldemateriale som er laga for ungdommar i helsearbeidarfaget, og er henta frå ndla.no.
Vi håper dei filtrerte søka hjelper deg med å finne relevante ressursar for undervisninga di. Du står fritt til å bruke, omarbeide og tilpasse ressursane. Nedst i kvar ressurs står det informasjon om reglar for bruk.
Modul: profesjonalitet i helsearbeidarfaget
Klikk på eit kompetansemål for å få opp filtrerte søkeresultat.
Utdanningsdirektoratet: kompetansemål og vurdering for modulen profesjonalitet i helsearbeidarfaget
Modul: livskvalitet og helsekompetanse
Klikk på eit kompetansemål for å få opp filtrerte søkeresultat.
Utdanningsdirektoratet: kompetansemål og vurdering for modulen livskvalitet og helsekompetanse
Modul: grunnleggande sjukepleie
Klikk på eit kompetansemål for å få opp filtrerte søkeresultat.
Utdanningsdirektoratet: kompetansemål og vurdering for modulen grunnleggande sjukepleie
Modul: rehabilitering, habilitering og kvardagsmeistring
Klikk på eit kompetansemål for å få opp filtrerte søkeresultat.
Kompetansemål | Søk frå fag |
---|---|
planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere forebyggende, habiliterende og rehabiliterende pleie og omsorgstiltak | helsefremjande arbeid (HEA02-04) |
bidra i tverrfaglig samarbeid for å sikre helhetlige pasientforløp | kommunikasjon og samhandling (HEA02-04) |
vurdere pasienters og brukeres behov for hjelpemidler og velferdsteknologi og veilede i bruken av disse | yrkesliv i helsearbeidarfag (HEA02-04) |
orientere i samarbeid med annet helsepersonell, pasienter, brukere og pårørende om deres rettigheter til helse- og omsorgstjenester | yrkesliv i helsearbeidarfag (HEA02-04) |
samarbeide med frivillige organisasjoner og andre aktører om å tilrettelegge for helsefremmende tiltak | yrkesliv i helsearbeidarfag (HEA02-04) |
reflektere over og ta miljøbevisste valg i yrkesutøvelsen | yrkesliv i helsearbeidarfag (HEA02-04) |