Modulstrukturert opplæring: norsk og samfunnskunnskap
Vi har laga ein tabell for norsk og samfunnskunnskap og ein for norsk og samfunnskunnskap for minoritetsspråklege. Kvar tabell listar opp kompetansemåla med lenker til filtrerte søk. Søkeresultata består av emne, fagstoff, oppgåver, læringsstiar og kjeldemateriale som er laga for ungdommar i norsk og i samfunnskunnskap, og er henta frå ndla.no.
Vi håper dei filtrerte søka hjelper deg med å finne relevante ressursar for undervisninga di. Du står fritt til å bruke, omarbeide og tilpasse ressursane. Nedst i kvar ressurs står det informasjon om reglar for bruk.
Klikk på eit kompetansemål for å få opp filtrerte søkeresultat.
Utdanningsdirektoratet: kompetansemål og vurdering for modulen norsk og samfunnskunnskap
Norsk kort butid er eit fag under utvikling på NDLA og har eit avgrensa tal på ressursar tilgjengeleg skuleåret 2024–2025. Vi publiserer ressursar fortløpande.
Klikk på eit kompetansemål for å få opp filtrerte søkeresultat.