Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om stressmeistring

Mange ungdommar opplever stress, men stresset kan ha mange ulike årsaker og opplevast ulikt frå person til person. I desse oppgåvene skal du diskutere kva ulike personar kan gjere for å meistre stress, og øve deg på å sortere tankar.
En ung kvinne holder seg til hodet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Stressmeistring

Oppgåve 2: Sortere tankar

I denne oppgåva skal du øve deg på å sortere tankar. Du skal sortere dei ulike tankane dine i fire ulike kategoriar.

Kva kan eg løyse her og no?

Det finst problem som kan løysast raskare og enklare enn
andre. Viss du til dømes tenkjer mykje på at du må få gjort ferdig ei bestemd innlevering, kan ei løysing vere å setje av konkret tid til jobbe med ho. Viss du bekymrar deg over om ein venn er sur på deg, kan du ta kontakt med vennen din og spørje om de kan snakke saman for å få ei avklaring på om dette stemmer eller ikkje.

Kva må eg arbeide med?

Når noko stressar eller plagar deg, finst det endringar du sjølv kan
gjere. Døme kan vere å stå opp litt tidlegare om morgonen for å få betre tid, eller leggje bort mobilen når du gjer skulearbeid for å konsentrere deg betre.

Kva treng eg hjelp til?

Ingen klarer alt åleine, nokon gonger treng du hjelp frå andre!
Døme her kan vere hjelp frå ein forelder til å forstå ei utfordrande lekse eller hjelp frå helsesjukepleiar på skulen viss du har hatt søvnproblem over lang tid.

Kva må eg leve med?

Det er ikkje alt vi kan endre. Då er det betre å akseptere at det er
enkelte ting ein må leve med enn å bruke mykje tid på å gruble eller vere irritert. Døme kan vere at det er tentamensperiode på skulen, eller at du må dele rom med veslebroren din.

I filmen Å sortere tankar frå Selvhjelp Norge kan du sjå korleis du kan bruke denne metoden.

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med skuleprogrammet VIP.

Relatert innhald

Det er fleire ting du kan gjere for å meistre kvardagsstress. Stress påverkar oss ulikt, og du må finne ut kva måte som fungerer best for deg.

Stressmestring handlar ikkje berre om kva du åleine kan gjere for å takle stress, det handlar òg om kva vi kan gjere saman.

CC BY-SASkrive av Camilla Øien og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Press og stress