Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Minoritetsstress

Minoritetsstress er eit viktig tema å snakke om i klasserommet. Det er ei form for stress som ikkje alltid er synleg for den som opplever det eller for menneska rundt. Sjå ein kort film om minoritetsstress, reflekter over kva det er, korleis det påverkar oss, og kva vi kan gjere for å hindre det.
Til læraren

Når du tek opp temaet minoritetsstress i klassen, er det viktig å passe på at det ikkje fører til auka minoritetsstress for elevar som tilhøyrer ei minoritetsgruppe. Rolla di som trygg og tydeleg fasilitator er derfor avgjerande.

Set gjerne gode rammer i forkant. Forklar elevane at dette kan vere sårbart for somme, og at dei òg kan forstå noko om seg sjølv og korleis dei har det når det blir sett ord på usynlege strukturar når vi snakkar om temaet. Ansvarleggjer klassen og legg opp til ein god samtalekultur. Fokuser på kva vi alle kan gjere, og kva for eit ansvar majoriteten og samfunnet har. Dette er eit godt utgangspunkt for å skape eit trygt klasserom når minoritetstema skal diskuterast.

Oppgåve 1. Minoritetsstress

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Kva døme på minoritetsstress blir nemnde i filmen?

  2. Kvifor er minoritetsstress eit samfunnsproblem, meiner du?

  3. I filmen fortel Aya om eit jobbintervju der ho blir utsett for diskriminering. Kva kan vere samanhengen mellom diskriminering og minoritetsstress?

Oppgåve 2. Dialogkafè

Førebuing

  • Les artikkelen "Minoritetsstress".

  • Del klassen inn i grupper.

  • Lag til gruppebord i klasserommet. På kvart bord ligg ein plakat med eit spørsmål og ein penn til å skrive inn svar. Forslag til spørsmål på plakatane:

    1. Kva gjer minoritetsstress med den psykiske helsa?

    2. Finn nokre fleire døme på minoritetsstress som ikkje har blitt nemnde.

    3. Kva hjelper mot minoritetsstress?

    4. Kva kan skulen og klassen gjere for å dempe minoritetsstress hos elevar?

    5. Har du lært noko nytt i dag som du ikkje kunne eller forstod før? Viss ja – kva er det?

Gjennomføring

  • Kvar gruppe startar ved å velje seg eit bord der det ligg eit spørsmål.

  • Kvar gruppe får 5–10 minutt til å skrive ned svaret på spørsmålet før dei går vidare til neste bord.

  • Når gruppene kjem til eit nytt bord, skal dei lese svara frå dei førre gruppene og bygge vidare på dei.

  • Alle gruppene skal vere innom alle borda og svare på alle spørsmåla.

Oppsummering i plenum

  • Gruppa les opp svara frå plakaten på det siste bordet dei sat ved.

  • Diskuter kva som er det viktigaste de har komme fram til, og korleis de kan bruke dette for å skape konkrete endringar på skulen dykkar.

Denne oppgåva er skriven av VIP Psykisk helse i skulen.

Relatert innhald

Det finst ulike former for rasisme. Reflekter over korleis rasismen verkar, og over kva du og samfunnet kan gjere for å stoppe han.

CC BY-SASkrive av Jorid Bakken Steigum.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Press og stress