Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit stressmeistrande klassemiljø

Kva kan de i klassen gjere saman for å minske press og negativt stress? I desse oppgåvene skal de lage konkrete forslag til kva lærarar og elevar kan gjere for å skape eit stressmeistrande klassemiljø.
fire ungdommer snakker rundt et bord
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Kva kan elevar gjere for minske negativt stress?

  1. Korleis kan de hjelpe kvarandre å meistre faglege og sosiale utfordringar?
  2. Korleis kan de støtte og oppmuntre kvarandre?
  3. Korleis kan de hjelpe kvarandre å revurdere situasjonen og tenkje annleis når noko verkar vanskeleg og håplaust?

Oppgåve 2: Kva kan lærarar og elevar gjere saman?

  1. Viss du skal vere heilt ærleg, kva for mål trur du at du sjølv og dei andre elevane i klassen din har for skulearbeidet?

    • Å lære ny kunnskap og meistre nye evner?
    • Å vise kva du kan og få ros og gode karakterar?
    • Å unngå kjeft og dårlege karakterar?
  2. Kvifor trur de at elevar som fokuserer på å lære ny kunnskap og meistre nye evner, opplever mindre press og negativt stress enn elevar som har fokus på å vise det dei kan og få gode karakterar?
  3. Kvifor trur de det oppstår eit i enkelte klassar? Er det på grunn av samfunnet, skulen, læraren, foreldra eller elevane? Grunngi svaret.
  4. Korleis kan lærarane og elevane saman skape eit med større fokus på læring og mindre fokus på prestasjonar? Bli samde om minst tre konkrete forslag.

Oppgåve 3: Kva kan læraren gjere for å minske stress?

Korleis kan læraren kan skape mindre stress i klasserommet? Ta utgangspunkt i dei ti tipsa til læraren under. Viss de skulle velje tre råd til dykkar eigne lærarar, kva råd ville de gitt?

Ti tips til læraren for å minske stress
  • Stimuler elevane til å ha fokus på innsats, forståing og utvikling av eigen kompetanse.
  • Demp samanlikning av prestasjonar mellom elevar. Hjelp eleven til å sjå sin eigen framgang og utvikling.
  • Legg til rette for eit læringsmiljø der også det å gjere feil blir oppfatta som kjelde til læring.
  • Gi elevane rom for å gjere eigne val i skulearbeidet.
  • Set konkrete og realistiske mål saman med eleven.
  • Skap eit føreseieleg læringsmiljø.
  • Gi elevane god oversikt over tidsfristar for innleveringar og tidspunkt for vurderingssituasjonar.
  • Legg til rette for eit miljø der elevane veit at konstruktiv støtte og hjelp er tilgjengeleg både frå lærarar og medelevar.
  • Gi eleven tru på eigne ressursar gjennom tilpassa oppgåver. Det gjeld òg leksene.
  • Ver medviten på at du byggjer ein relasjon til kvar enkelt elev som ikkje er på vilkår av prestasjonen til eleven. Eleven treng at du verdset han/ho som person, ikkje berre for prestasjonane som blir oppnådde.

Henta frå Utdanningsnytt, 2. september 2019. Publisert med løyve frå professor Eivind Bru.

Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

Bru, E. & Roland, P. (red). (2019). Stress og mestring i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.

Utdanningsnytt (2019, 2 september). Slik hjelper du elevene med å takle stress og prestasjonsangst. Henta frå https://www.utdanningsnytt.no/laererrollen-psykisk-helse/slik-hjelper-du-elevene-med-a-takle-stress-og-prestasjonsangst/210888

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Camilla Øien .
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Press og stress