Program som løyser andregradslikningar
Den generelle andregradslikninga kan skrivast på formen
Det er to måtar å løyse andregradslikningar på manuelt. Vi kan
- faktorisere andregradsuttrykket ved til dømes å lage eit fullstendig kvadrat
- ved å bruke abc-formelen (andregradsformelen)
a) Spørsmål
Kva for ein av desse to metodane trur du vil vere enklast å bruke når du skal lage eit program som skal løyse andregradslikningar?
b) Vurdering
Vi tek utgangspunkt i abc-formelen for løysinga. Når vi deler opp formelen i to delar, kan han skrivast som
Korleis kan brukaren av programmet skrive inn andregradslikninga som skal løysast?
c) Algoritme
Skriv algoritmen til eit program som løyser andregradslikningar for oss. Programmet skal ta imot den informasjonen som trengst om likninga frå brukaren av programmet. Løysingane kan presenterast med utskrifta "x1 = ... , x2 = ...". Hugs å få med forklarande tekstar i starten av programmet slik at brukaren av programmet veit kva som skal gjerast.
d) Koding
Test programmet med likninga . Gir programmet rette løysingar?
e) Diskusjon
Fungerer programmet på alle andregradslikningar?
f) Testing
Prøv programmet på likninga . Kvifor passar ikkje utskrifta av løysinga så godt til denne likninga?
g) Testing
Prøv deretter programmet på likninga . Kva skjer no, og kvifor skjer dette?
h) Algoritme
Endre på algoritmen i oppgåva over slik at programmet gir utskrift tilpassa dei ulike tilfella av andregradslikningar vi kan kome borti.
i) Koding
Lag programmet etter denne algoritmen, og sjekk at det fungerer.