Hopp til innhald
Fagartikkel

Straumrekninga

Når vi betaler for den elektriske energien vi forbruker, er det ikkje berre sjølve krafta vi må betale for. Det er mykje jobb som skal gjerast før den elektriske energien kjem fram til abonnenten. Korleis ein kjøper straum, og kva straumrekninga består av, blir omtalt her.

Korleis kjøpe straum

Informasjon om korleis du kan kjøpe straum, kva for leverandør som er billegast, og korleis dette blir gjort, er veldig bra omtalt på Internett. I desse to lenkjene kan du finne ut alt om dette:

Statkraft: Kjøpe straum?

NVE: forbrukarinformasjon – straum

Kva straumrekninga består av

Straumrekninga består, grovt sett, av fire postar:

Nettleige

Nettleige er den prisen du må betale for å få overført krafta frå leverandør og fram til huset ditt. Det er det lokale e-verket som skal ha denne avgifta. Prisen du betaler her, skal dekkje alle utgiftene i samband med overføring av kraft heim til deg. Drift, vedlikehald og sikker straumleveranse er det du betaler for.

Meir informasjon finn du i artikkelen "Nettleie" hos NVE.

Kraftpris

Kraftpris er det 1 kWh kostar. Prisen på krafta du kjøper, blir sett som ei følgje av tilbodet og etterspørselen på den internasjonale kraftmarknaden. Tilgangen på elektrisk kraft varierer mykje. Du kan her kjøpe kraft til spottpris (følgjer marknaden) eller til fastpris (får ein fast pris per kWh). På fastpris vil leverandøren ta eit større påslag i prisen, slik at han garderer seg mot høge straumprisar. Fordelen med fastpris er at du får ei jamnare straumrekning.

El-avgift

El-avgift er den prisen du betaler for ”alt det andre”, som forsking, internasjonale samarbeid, enøk-arbeid osv.

Moms

Til slutt må vi betale meirverdiavgift (moms). Det meste som blir omsett her i Noreg, er belagt med 25 prosent moms. Denne avgifta går til staten.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Steinar Olsen og Magnar lynglund.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019