Hopp til innhald

Fagstoff

Miljø og overføring

Her ser vi litt på miljøutfordringar i samband med overføring av energi. Estetikk, trygging, trasé og påverknad av dyreliv er viktige element. Statnett har laga visualiseringar av korleis den omstridde traseen i Hardanger vil sjå ut. Her er det kryssinga av Osafjorden vi ser.

Estetikk

Her i Noreg er det slik at vasskraftproduksjonen i veldig stor grad skjer i delar av landet der det ikkje bur mange menneske. Ofte er vasskraftverk etablerte på Vestlandet, der vi har fjell og fossefall. Majoriteten av befolkninga bur på Austlandet, i område der det ikkje er fjell og fossar. Dette medfører at krafta som blir produsert, må overførast over store delar av landet vårt.

Dambygging ved Svartisen kraftstasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



I og med at Noreg i stor grad består av fjell og ulendt terreng, vel ein å overføre den elektriske energien i høgspentlinjer over bakken. Desse høgspentlinjene og det området som ligg under desse, kallar vi for ein trasé. Ein trasé må haldast rydda for tre, og dette ryddearbeidet blir kontinuerleg gjort av e-verk, Statkraft og Statnett. Kraftlinjer er omgitte av eit sterkt elektrisk felt som kan skade menneske (vi går ikkje inn på denne problematikken her), derfor kan ikkje slike trasear leggjast i tettbygde strøk.

Kraftlinjebygging på Kvanskogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Problematikken rundt kraftoverføring blir stadig diskutert. Høgspentlinjer er ikkje fine, og mange menneske og organisasjonar er imot dei. Vi forbruker meir og meir energi, og vi treng derfor stadig meir og meir kraft og fleire overføringslinjer. Å leggje denne overføringa under bakken hadde vore eit alternativ, men dette blir ei stor investering på grunn av den norske naturen.

Tryggleik

Arbeid i høgspentmast, 30–40 meter over bakken. Foto.

Ved overføring av store mengder energi treng vi som sagt høgspentkabel eller -linje. Bakgrunnen for at vi transformerer spenninga opp til 300 000–420 000 volt, er at vi på den måten slepp å overføre så høg straum. Når vi skal overføre ei viss mengd effekt, er det spenninga som bestemmer kor høg straumen blir (P = U · I). Bakgrunnen for dette er at straumen forårsakar tap, så viss straumen er låg, vil tapa bli små òg, og vi kan på den måten overføre store mengder energi utan så altfor store tap.

Viss vi hadde lagt høgspentkablar i bakken, ville dette sikkert vore eit sikrare alternativ enn høgspentlinjer, men det er ein veldig vanskeleg jobb og med det ei svært stor investering. Viss vi hadde fått eit brot eller ein feil på ein høgspentkabel, ville feilen òg vore vanskeleg å oppdage og utbetringa vanskeleg å gjennomføre. Arbeid på luftlinjer er enklare. I dag er òg linjene så sikre og overdimensjonerte at det skal mykje til før vi får brot.

Når det skal jobbast på høgspentlinjer (og kablar), er det forskrifter ein må følgje. Det er veldig viktig å gjennomføre alle tryggingsrutinar i samband med arbeid på høgspentleidningar, for eit brot på forskrifta i ein slik situasjon kan få fatale konsekvensar. Heldigvis er talet på ulykker dei siste åra veldig lågt.

Tryggingsforskrift

Tryggingsforskrifta alle elektrofagfolk må rette seg etter, er FSE: "Forskrift om sikkerhet ved arbeid i og drift av elektriske anlegg". Legg spesielt merke til desse paragrafane:

  • §11 og 12: Sikkerhet og kobling på arbeidssted
  • §13: Avbrytelse av arbeid pga. ytre påvirkninger
  • §14: Etablering av sikkerhetstiltak

For betre å forstå FSE, bør du skaffe rettleiinga som høyrer til denne.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018

Læringsressursar

Kraftdistribusjon