Hopp til innhald

Fagstoff

Samkøyringsnett

Samkøyringsnettet er oppbygginga av det elektriske overføringssystemet i Noreg. Her går vi nærare inn på overføringa frå kraftprodusent til forbrukar.
Kraftmast mot sola. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samkøyringsnettet

Samkøyringsnettet er det systemet som bind Noreg saman elektrisk. Det finst fleire tusen mil med kraftleidningar her i landet.

Her kan du sjå ein video om straumnettet frå Kraftskolen.

Sentralnettet

Sentralnettet er hovudpulsåra i den elektriske infrastrukturen i Noreg. Dette nettet gjer det mogleg å overføre elektrisk energi mellom landsdelane. I tillegg er det dette nettet som bind oss elektrisk til dei andre nordiske landa. Spenninga på denne delen av overføringsnettet er 300–420 kV.

Regionalnettet

Regionalnettet er eit landsdelsnett eller fylkesnett. Dette transporterer energien frå sentralnettet og fram til lokalnettet i heimkommunen din. Spenningsnivået her er ofte 66–132 kV.

Lokalnettet

Lokalnettet er det nettsystemet som bringar energien fram til forbrukarane. Spenningsnivået her er frå 22 kV og ned til 230/400 V, som er det du som forbrukar skal ha.

Transformator

For å kunne overføre med forskjellig spenningsnivå er vi avhengige av transformatorar. Frå produsenten (kraftverket) blir spenninga transformert opp til 300–420 kV. Denne spenninga blir så transformert ned på sekundærstasjonane i regionalnettet (11–22 kV), før ho igjen blir transformert ned til 230/400 V ved hjelp av fordelingstransformatorar.

Stjernenett og ringnett

I lokalnettet er det to måtar å distribuere høgspentstraum på.

Stjernenett

Stjernenett (spreienett) er den metoden som er minst forsyningssikker. Der har alle sekundærstasjonar eigen tilførsel. Dette gjer at dersom det oppstår feil på tilførsel, vil alle abonnentar (forbrukarar) tilkopla denne stasjonen miste straumen. Fordelen med denne typen infrastruktur er at vi berre dimensjonerer for ei kjend belastning.

Ringnett

Ringnett er i motsetning til stjernenettet veldig driftssikkert. Nettet blir drive som ein slutta ring, og vi kan ved driftsfeil eller brot på leidningsnettet køyre straum frå ein alternativ veg. Dette er nok den mest normale forma for distribusjon på lokalnettet. Ulempa med dette systemet er at alle kablar og leidningar må dimensjonerast dobbelt.

Om prinsipp for transformator:

http://no.wikipedia.org/wiki/Transformator

Meir informasjon om overføringssystem:

NVE

Statnett-kraft

Energifakta Norge

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2018

Læringsressursar

Kraftdistribusjon