Hopp til innhald

Fagstoff

Aktørar i kraftmarknaden

Her er informasjon om dei aktørane som styrer og koordinerer den norske kraftmarknaden.
Kraftmast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Olje- og energidepartementet

Det er Olje- og energidepartementet (OED) som har det overordna ansvaret for energipolitikken og kraftsystemet i Noreg.

Meir om Olje- og energidepartetementet

Norges vassdrags- og energidirektorat

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ligg under OED og har ansvar for å forvalte vassdrags- og energiressursane i Noreg. NVE skal sikre ei miljøvennleg forvaltning av vassdraga og medverke til effektiv energiomsetning. NVE har ei sentral rolle i beredskapen mot flaum og vassdragsulykker. Det er NVE som gir konsesjon for kraftutbygging. NVE er den instansen som set overføringstariffar og bestemmer inntektsrammene for nettselskapa.

Meir om Norges vassdrags- og energidirektorat

Statnett

Systemansvarleg nettselskap, som til kvar tid sørgjer for balanse mellom tilgang og forbruk av elektrisk forbruk, er Statnett. Statnett har ansvaret for sentralnettet og skal sjå til at dette er ope for alle aktørar i kraftmarknaden.

Meir om Statnett

Enova

ENOVA er etablert for å ta vare på miljøet i kraftmarknaden. Dei skal fremje ei omlegging til meir miljøvennleg energiproduksjon og leggje til rette for at energieffektive og miljøvennlege løysingar skal bli enklare å velje. ENOVA blir finansiert gjennom straumrekninga og ligg under OED.

Meir om ENOVA

Nord Pool

Den første internasjonale råvarebørsen for elektrisk kraft i verda, Nord Pool, er kraftbørsen i Noreg og resten av Europa. Her blir handel og kontraktar for dei nordiske landa Noreg, Sverige, Finland og Danmark organiserte. Nord Pool er ein viktig del av infrastrukturen i den nordiske kraftmarknaden. Her blir det sett prisar på elektrisitet i den nordiske marknaden.

Meir om Nord Pool

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Kraftdistribusjon